마태복음 28장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 마태복음 (Matthew) · 20절
- 1 Då kviledagen var liden, og det tok til å ljosna den fyrste dagen i vika, kom Maria Magdalena og den andre Maria og vilde sjå til gravi.
- 2 Då vart det brått ein sterk jordskjelv; for ein Herrens engel for ned frå himmelen, og gjekk innåt og velte steinen ifrå og sette seg på honom.
- 3 Han var som ein elding å sjå til, og klædi hans var kvite som snø.
- 4 Vaktarane skalv av rædsla for honom, og vart liggjande som dei var daude.
- 5 Og engelen tala til kvinnorne og sagde: «Ver ikkje rædde! Eg veit at de leitar etter Jesus, han som vart krossfest.
- 6 Han er ikkje her; han hev stade upp, som han sagde. Kom og sjå staden der han låg!
- 7 Og skunda dykk so av stad, og seg med læresveinarne hans: «Han hev stade upp frå dei daude, og no gjeng han fyre dykk til Galilæa; der skal de få sjå honom!» Sjå no hev eg sagt dykk det.»
- 8 Då skunda dei seg burt ifrå gravi med otte og stor gleda, og sprang av stad, vilde bera bod um det til læresveinarne hans.
- 9 Men best det var, fekk dei sjå Jesus; han kom imot deim og sagde: «Guds fred!» Då gjekk dei innåt og fall på kne for honom og tok kringum føterne hans.
- 10 Og Jesus sagde til deim: «Ver ikkje rædde! Gakk og seg med brørne mine at dei skal fara til Galilæa! Der skal dei sjå meg.»
- 11 Med dei var på vegen, kom nokre av vaktarane inn til byen, og fortalde dei øvste prestarne alt det som hadde hendt.
- 12 Då kom dei og styresmennerne i hop og samrådde seg; og dei gav hermennerne nok av pengar
- 13 og sagde: «Seg at læresveinarne hans kom um natti og stal honom burt medan de sov.
- 14 Og skulde det koma att for landshovdingen, so skal me tala vel med honom, og laga det so at de kann vera trygge.»
- 15 So tok dei mot pengarne og gjorde som dei var fyresagde. Soleis kom det ordet ut millom jødarne, og hev halde seg alt til denne dag.
- 16 Dei elleve læresveinarne for til Galilæa, til det fjellet der Jesus hadde sagt deim til å møtast med honom.
- 17 Då dei fekk sjå honom, fall dei på kne for honom, men sume tvila.
- 18 Og Jesus steig fram og tala til deim og sagde: «Eg hev fenge all magt i himmelen og på jordi.
- 19 Gakk då ut, og gjer alle folki til læresveinar, med di de døyper deim til namnet åt Faderen og Sonen og den Heilage Ande,
- 20 og lærer deim å halda alt det som eg hev bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar so lenge verdi stend!»
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗