마태복음 25장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 마태복음 (Matthew) · 46절
- 1 Då kann himmelriket liknast med ti brurmøyar som tok lamporne sine og gjekk til møtes med brudgomen.
- 2 Fem av dei var dårlege og fem vituge.
- 3 Då dei dårlege tok lamporne sine, tok dei ikkje olje med seg,
- 4 men dei vituge tok olje med seg i krukkor attåt lamporne sine.
- 5 Då det no drygde fyrr brudgomen kom, vart dei alle trøytte og sovna.
- 6 Men midt på natti høyrdest eit rop: No kjem brudgomen! Gakk ut og tak imot honom!
- 7 Då vakna alle brurmøyarne og stelte lamporne sine.
- 8 Og dei dårlege sagde til dei vituge: «Lat oss få noko olje hjå dykk! Lamporne våre sloknar.»
- 9 «Nei,» svara dei vituge, «det rekk ikkje til både åt oss og dykk. De lyt heller ganga til kræmaren og kjøpa dykk noko.»
- 10 Med dei då var burte og vilde kjøpa, kom brudgomen. Dei som var ferdige, gjekk med honom inn til bryllaupet, og døri vart stengd.
- 11 Då det leid um eit bil, kom dei hine møyarne og, og sagde: «Herre, herre, lat upp for oss!»
- 12 Men han svara: «Det segjer eg dykk for sant: Eg kjenner dykk ikkje.»
- 13 So vak då! For de veit korkje dag eller time.
- 14 Det er liksom med ein mann som vilde fara utanlands. Han kalla tenarane sine inn, og flidde deim midelen sin:
- 15 ein gav han fem tusund dalar, ein annan tvo tusund, og den tridje eitt tusund, etter som kvar dugde til, og so for han or landet.
- 16 Den som fekk fem tusund dalar, tok straks til å handla med deim, og vann seg fem tusund til.
- 17 Sameleis den som fekk tvo tusund; han og vann tvo tusund til.
- 18 Men den som fekk eitt tusund, gjekk burt og grov eit hol i jordi og gøymde pengarne åt husbonden sin.
- 19 So leid det ei lang tid, då kom husbonden heim att og kravde rekneskap av tenarane sine.
- 20 Og han som hadde fenge fem tusund dalar, gjekk fram og hadde med seg fem tusund til og sagde: «Herre, du gav meg fem tusund dalar; sjå her, eg hev vunne fem tusund til!»
- 21 Då sagde husbonden til honom: «Det var rett gjort, du gode og trugne tenar! Du hev vore tru i det som var lite; eg vil setja deg yver mykje. Gakk inn og gled deg med husbonden din!»
- 22 So gjekk han fram han som hadde fenge tvo tusund dalar, og sagde: «Herre, du gav meg tvo tusund dalar. Sjå her, eg hev vunne tvo tusund til!»
- 23 «Det var rett gjort, du gode og trugne tenar!» svara husbonden. «Du hev vore tru i det som var lite; eg vil setja deg yver mykje. Gakk inn og gled deg med husbonden din!»
- 24 Sidan kom han som hadde fenge eitt tusund dalar, og sagde: «Herre, eg kjende deg for ein streng mann, som haustar der du ikkje sådde, og sankar der du ikkje strådde.
- 25 Difor vart eg rædd, og so gjekk eg burt og gøymde pengarne dine i jordi. Sjå her hev du ditt!»
- 26 Då svara husbonden: «Du låke og late tenar! Du visste at eg haustar der eg ikkje sådde, og sankar der eg ikkje strådde!
- 27 Skulde du ’kje då ha sett pengarne mine i banken! so hadde eg fenge mine att med rentor når eg kom heim.
- 28 Tak ifrå honom dei tusund dalarne, og gjev deim til den som hev ti tusund!
- 29 For kvar den som hev, han skal få, so han hev nøgdi; men den som ikkje hev, skal missa endå det som han hev.
- 30 Og kasta den duglause tenaren ut i myrkret utanfor, der dei græt og skjer tenner!»
- 31 Men når Menneskjesonen kjem i sin herlegdom, og alle englarne med honom, då skal han sitja i den glimande kongsstolen;
- 32 alle folkeslag skal samlast framfyre honom, og han skal skilja deim åt, liksom hyrdingen skil sauerne frå geiterne,
- 33 og setja sauerne på si høgre sida, og geiterne på den vinstre.
- 34 So skal kongen segja til deim på høgre sida: «Kom hit, de velsigna borni åt far min, og tak det riket i eige som var etla åt dykk alt ifrå verdi var skapt!
- 35 For eg var svolten, og de gav meg mat; eg var tyrst, og de gav meg drikka; eg var heimlaus, og de hyste meg;
- 36 eg var naken, og de klædde meg; eg var sjuk, og de såg um meg; eg var i fengsel, og de lydde til meg.»
- 37 Då tek dei rettferdige til ords og segjer til honom: «Herre, når hev me set deg svolten, og metta deg, eller tyrst, og kveikt deg?
- 38 Når hev me set deg heimlaus, og hyst deg, eller naken, og klædt deg?
- 39 Når hev me set deg sjuk eller i fengsel, og lydt til deg?»
- 40 Og kongen svarar: «Det segjer eg dykk for sant: Alt det de hev gjort mot ein av desse minste brørne mine, det hev de gjort imot meg.»
- 41 So segjer han til deim på vinstre sida: «Gakk burt frå meg, de bannstøytte, til den ævelege elden, som er tilbudd åt djevelen og englarne hans!
- 42 For eg var svolten, og de gav meg ikkje mat; eg var tyrst, og de gav meg ikkje drikka;
- 43 eg var heimlaus, og de hyste meg ikkje; eg var naken, og de klædde meg ikkje; eg var sjuk, og i fengsel, og de såg ikkje um meg.»
- 44 Då tek dei og til ords og segjer: «Herre, når hev me set deg svolten, eller tyrst, eller heimlaus, eller naken, eller sjuk, eller i fengsel, og hev ikkje tent deg?»
- 45 Og han svarar: «Det segjer eg dykk for sant: Alt det de ikkje hev gjort mot ein av desse minste, det hev de ’kje gjort mot meg heller.»
- 46 So skal dei ganga burt til æveleg straff, men dei rettferdige til eit ævelegt liv.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗