마태복음 24장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 마태복음 (Matthew) · 51절
- 1 Då Jesus steig ut or templet og tok til å ganga burtetter vegen, gjekk læresveinarne fram og vilde syna honom tempelbygningarne.
- 2 «Ja, ser de ’kje alt dette!» svara han. «Det segjer eg dykk for sant: Her ligg ikkje stein på stein som ikkje skal rivast ned.»
- 3 Sidan, då han sat på Oljeberget, og ingen annan var med, gjekk læresveinarne fram til honom og sagde: «Seg oss: Når skal alt dette henda, og kva merke skal me hava på koma di og enden på verdi!»
- 4 Då svara Jesus: «Sjå dykk fyre, so ingen forvillar dykk!
- 5 For mange skal taka mitt namn og segja: «Eg er Messias», og føra mange på avveg.
- 6 De skal få høyra ufred og gjetord um ufred; sjå til at de ikkje vert skræmde! For dette lyt henda; men endå er ikkje enden komen.
- 7 Folk skal reisa seg imot folk, og rike mot rike, og det skal vera uår og jordskjelv kring i landi;
- 8 men alt det er berre upptaket til føderiderne.
- 9 Då skal dei driva dykk ut i naud og fåre og slå dykk i hel, og alle folk skal hata dykk for mitt namn skuld.
- 10 Mange skal då falla ifrå, og svika og hata kvarandre,
- 11 og mange falske profetar skal stiga fram og føra mange på avveg;
- 12 og av di uretten hev vorte so stor, skal kjærleiken kolna hjå mengdi.
- 13 Men den som held ut til endes, han skal verta frelst.
- 14 Og dette evangeliet um Gudsriket skal kunngjerast yver heile mannaheimen, so alle folkeslag fær vita um det, og då skal enden koma.
- 15 Når de då ser at den øydande styggedomen som Daniel, profeten, hev tala um, stend på den heilage staden» - agta vel på dette du som les! -
- 16 då lyt dei som er i Judalandet røma til fjells,
- 17 og den som er uppå taket, må ikkje stiga ned og henta noko i huset sitt,
- 18 og den som er utpå marki, må ikkje ganga heim att etter kjolen sin!
- 19 Stakars deim som gjeng med barn eller gjev brjost i dei dagarne!
- 20 Men bed at det ikkje må vera um vinteren eller på ein kviledag de lyt røma!
- 21 For då skal det vera slik hard naud at det aldri hev vore slik naud frå verdi vart til og til no, og vert ikkje sidan heller.
- 22 Og vart ikkje den tidi stutt, so fanst det ’kje liv som vart berga; men for dei utvalde skuld skal den tidi vera stutt.
- 23 Um nokon då segjer til dykk: «Sjå her er Messias,» eller «der,» so må de ikkje tru det.
- 24 For det skal standa fram falske Messias’ar og falske profetar og gjera store teikn og under, so jamvel dei utvalde kunde forvillast, um det var råd.
- 25 Kom i hug: Eg hev sagt dykk det fyreåt.
- 26 Segjer dei no med dykk: «Han er ute i øydemarki,» so gakk ikkje der ut! eller: «Han er inni koven,» so tru det ikkje!
- 27 For liksom ljonet gjeng ut ifrå aust og skin radt til vest, so skal det vera når Menneskjesonen kjem.
- 28 Der åta er, vil ørnarne sankast.
- 29 Men straks etter dei dagarne og trengslorne deira skal soli myrkjast, og månen missa sitt ljos; stjernorne skal falla ned frå himmelen, og himmelkrafterne skakast.
- 30 Då skal teiknet åt Menneskjesonen syna seg på himmelen, og alle ætter på jordi skal øya og gråta, og dei skal sjå Menneskjesonen koma i himmelskyerne med velde og stor herlegdom.
- 31 Med luren ljomar, skal han senda ut englarne sine, og dei skal sanka i hop dei han hev valt seg ut, frå heimsens fire hyrno, frå himmelbrun til himmelbrun.
- 32 Lær ei likning av fiketreet: Når sevja hev kome i greinerne, og lauvet tek til å spretta, då veit de at sumaren er nær.
- 33 Like eins når de ser alt dette; då veit de at han er utfor døri.
- 34 Det segjer eg dykk for visst: Denne ætti skal ikkje forgangast fyrr alt dette hev hendt.
- 35 Himmel og jord skal forgangast, men mine ord skal aldri forgangast.
- 36 Men den dagen og timen veit ingen, ikkje englarne i himmelen - ingen utan Faderen åleine.
- 37 For som det var i Noahs dagar, so skal det vera når Menneskjesonen kjem:
- 38 liksom dei i dagarne fyre storflodi åt og drakk, og gifte seg og vart burtgifte, alt til den dagen då Noah gjekk inn i arki,
- 39 og ingen visste ordet av fyrr storflodi kom og tok deim alle burt, so skal det vera når Menneskjesonen kjem.
- 40 Då er tvo menner ute på marki; den eine vert henta, og den andre vert att.
- 41 Tvo kvinnor mel på kverni; den eine vert henta, og den andre vert att.
- 42 So vak då! For de veit ikkje kva dag herren dykkar kjem.
- 43 Men det skynar de, at dersom husbonden visste kva tid på natti tjuven kom, so vakte han og let ingen brjota seg inn i huset.
- 44 Difor lyt de og vera ferdige! Menneskjesonen kjem på ei tid de ikkje ventar honom.
- 45 Kvar er no den trugne og vituge drengen som husbonden hev sett yver tenestfolket, so han skal gjeva deim mat i rett tid?
- 46 Sæl er den drengen som husbonden ser gjera so når han kjem.
- 47 Det segjer eg dykk for visst: Han skal setja honom yver alt det han eig.
- 48 Men er drengen ein skarv, og segjer med seg: «Husbonden min vert lenge burte,»
- 49 og han so tek til å slå dei hine tenarane, og et og drikk i lag med drikkarar,
- 50 då skal husbonden hans koma på ein dag han ikkje ventar det, og i ein time han ikkje veit av,
- 51 og skjera honom midt i tvo, og lata honom få sin lut med hyklarane, der dei græt og skjer tenner.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗