마태복음 25장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 마태복음 (Matthew) · 46절 · 대역: King James Version
| 절 | Studentmållagsbibelen frå 1921 | King James Version |
|---|---|---|
| 1 | Då kann himmelriket liknast med ti brurmøyar som tok lamporne sine og gjekk til møtes med brudgomen. | Then shall the kingdom of heaven be likened unto ten virgins, which took their lamps, and went forth to meet the bridegroom. |
| 2 | Fem av dei var dårlege og fem vituge. | And five of them were wise, and five were foolish. |
| 3 | Då dei dårlege tok lamporne sine, tok dei ikkje olje med seg, | They that were foolish took their lamps, and took no oil with them: |
| 4 | men dei vituge tok olje med seg i krukkor attåt lamporne sine. | But the wise took oil in their vessels with their lamps. |
| 5 | Då det no drygde fyrr brudgomen kom, vart dei alle trøytte og sovna. | While the bridegroom tarried, they all slumbered and slept. |
| 6 | Men midt på natti høyrdest eit rop: No kjem brudgomen! Gakk ut og tak imot honom! | And at midnight there was a cry made, Behold, the bridegroom cometh; go ye out to meet him. |
| 7 | Då vakna alle brurmøyarne og stelte lamporne sine. | Then all those virgins arose, and trimmed their lamps. |
| 8 | Og dei dårlege sagde til dei vituge: «Lat oss få noko olje hjå dykk! Lamporne våre sloknar.» | And the foolish said unto the wise, Give us of your oil; for our lamps are gone out. |
| 9 | «Nei,» svara dei vituge, «det rekk ikkje til både åt oss og dykk. De lyt heller ganga til kræmaren og kjøpa dykk noko.» | But the wise answered, saying, Not so; lest there be not enough for us and you: but go ye rather to them that sell, and buy for yourselves. |
| 10 | Med dei då var burte og vilde kjøpa, kom brudgomen. Dei som var ferdige, gjekk med honom inn til bryllaupet, og døri vart stengd. | And while they went to buy, the bridegroom came; and they that were ready went in with him to the marriage: and the door was shut. |
| 11 | Då det leid um eit bil, kom dei hine møyarne og, og sagde: «Herre, herre, lat upp for oss!» | Afterward came also the other virgins, saying, Lord, Lord, open to us. |
| 12 | Men han svara: «Det segjer eg dykk for sant: Eg kjenner dykk ikkje.» | But he answered and said, Verily I say unto you, I know you not. |
| 13 | So vak då! For de veit korkje dag eller time. | Watch therefore, for ye know neither the day nor the hour wherein the Son of man cometh. |
| 14 | Det er liksom med ein mann som vilde fara utanlands. Han kalla tenarane sine inn, og flidde deim midelen sin: | For the kingdom of heaven is as a man travelling into a far country, who called his own servants, and delivered unto them his goods. |
| 15 | ein gav han fem tusund dalar, ein annan tvo tusund, og den tridje eitt tusund, etter som kvar dugde til, og so for han or landet. | And unto one he gave five talents, to another two, and to another one; to every man according to his several ability; and straightway took his journey. |
| 16 | Den som fekk fem tusund dalar, tok straks til å handla med deim, og vann seg fem tusund til. | Then he that had received the five talents went and traded with the same, and made them other five talents. |
| 17 | Sameleis den som fekk tvo tusund; han og vann tvo tusund til. | And likewise he that had received two, he also gained other two. |
| 18 | Men den som fekk eitt tusund, gjekk burt og grov eit hol i jordi og gøymde pengarne åt husbonden sin. | But he that had received one went and digged in the earth, and hid his lord’s money. |
| 19 | So leid det ei lang tid, då kom husbonden heim att og kravde rekneskap av tenarane sine. | After a long time the lord of those servants cometh, and reckoneth with them. |
| 20 | Og han som hadde fenge fem tusund dalar, gjekk fram og hadde med seg fem tusund til og sagde: «Herre, du gav meg fem tusund dalar; sjå her, eg hev vunne fem tusund til!» | And so he that had received five talents came and brought other five talents, saying, Lord, thou deliveredst unto me five talents: behold, I have gained beside them five talents more. |
| 21 | Då sagde husbonden til honom: «Det var rett gjort, du gode og trugne tenar! Du hev vore tru i det som var lite; eg vil setja deg yver mykje. Gakk inn og gled deg med husbonden din!» | His lord said unto him, Well done, thou good and faithful servant: thou hast been faithful over a few things, I will make thee ruler over many things: enter thou into the joy of thy lord. |
| 22 | So gjekk han fram han som hadde fenge tvo tusund dalar, og sagde: «Herre, du gav meg tvo tusund dalar. Sjå her, eg hev vunne tvo tusund til!» | He also that had received two talents came and said, Lord, thou deliveredst unto me two talents: behold, I have gained two other talents beside them. |
| 23 | «Det var rett gjort, du gode og trugne tenar!» svara husbonden. «Du hev vore tru i det som var lite; eg vil setja deg yver mykje. Gakk inn og gled deg med husbonden din!» | His lord said unto him, Well done, good and faithful servant; thou hast been faithful over a few things, I will make thee ruler over many things: enter thou into the joy of thy lord. |
| 24 | Sidan kom han som hadde fenge eitt tusund dalar, og sagde: «Herre, eg kjende deg for ein streng mann, som haustar der du ikkje sådde, og sankar der du ikkje strådde. | Then he which had received the one talent came and said, Lord, I knew thee that thou art an hard man, reaping where thou hast not sown, and gathering where thou hast not strawed: |
| 25 | Difor vart eg rædd, og so gjekk eg burt og gøymde pengarne dine i jordi. Sjå her hev du ditt!» | And I was afraid, and went and hid thy talent in the earth: lo, there thou hast that is thine. |
| 26 | Då svara husbonden: «Du låke og late tenar! Du visste at eg haustar der eg ikkje sådde, og sankar der eg ikkje strådde! | His lord answered and said unto him, Thou wicked and slothful servant, thou knewest that I reap where I sowed not, and gather where I have not strawed: |
| 27 | Skulde du ’kje då ha sett pengarne mine i banken! so hadde eg fenge mine att med rentor når eg kom heim. | Thou oughtest therefore to have put my money to the exchangers, and then at my coming I should have received mine own with usury. |
| 28 | Tak ifrå honom dei tusund dalarne, og gjev deim til den som hev ti tusund! | Take therefore the talent from him, and give it unto him which hath ten talents. |
| 29 | For kvar den som hev, han skal få, so han hev nøgdi; men den som ikkje hev, skal missa endå det som han hev. | For unto every one that hath shall be given, and he shall have abundance: but from him that hath not shall be taken away even that which he hath. |
| 30 | Og kasta den duglause tenaren ut i myrkret utanfor, der dei græt og skjer tenner!» | And cast ye the unprofitable servant into outer darkness: there shall be weeping and gnashing of teeth. |
| 31 | Men når Menneskjesonen kjem i sin herlegdom, og alle englarne med honom, då skal han sitja i den glimande kongsstolen; | When the Son of man shall come in his glory, and all the holy angels with him, then shall he sit upon the throne of his glory: |
| 32 | alle folkeslag skal samlast framfyre honom, og han skal skilja deim åt, liksom hyrdingen skil sauerne frå geiterne, | And before him shall be gathered all nations: and he shall separate them one from another, as a shepherd divideth his sheep from the goats: |
| 33 | og setja sauerne på si høgre sida, og geiterne på den vinstre. | And he shall set the sheep on his right hand, but the goats on the left. |
| 34 | So skal kongen segja til deim på høgre sida: «Kom hit, de velsigna borni åt far min, og tak det riket i eige som var etla åt dykk alt ifrå verdi var skapt! | Then shall the King say unto them on his right hand, Come, ye blessed of my Father, inherit the kingdom prepared for you from the foundation of the world: |
| 35 | For eg var svolten, og de gav meg mat; eg var tyrst, og de gav meg drikka; eg var heimlaus, og de hyste meg; | For I was an hungred, and ye gave me meat: I was thirsty, and ye gave me drink: I was a stranger, and ye took me in: |
| 36 | eg var naken, og de klædde meg; eg var sjuk, og de såg um meg; eg var i fengsel, og de lydde til meg.» | Naked, and ye clothed me: I was sick, and ye visited me: I was in prison, and ye came unto me. |
| 37 | Då tek dei rettferdige til ords og segjer til honom: «Herre, når hev me set deg svolten, og metta deg, eller tyrst, og kveikt deg? | Then shall the righteous answer him, saying, Lord, when saw we thee an hungred, and fed thee? or thirsty, and gave thee drink? |
| 38 | Når hev me set deg heimlaus, og hyst deg, eller naken, og klædt deg? | When saw we thee a stranger, and took thee in? or naked, and clothed thee? |
| 39 | Når hev me set deg sjuk eller i fengsel, og lydt til deg?» | Or when saw we thee sick, or in prison, and came unto thee? |
| 40 | Og kongen svarar: «Det segjer eg dykk for sant: Alt det de hev gjort mot ein av desse minste brørne mine, det hev de gjort imot meg.» | And the King shall answer and say unto them, Verily I say unto you, Inasmuch as ye have done it unto one of the least of these my brethren, ye have done it unto me. |
| 41 | So segjer han til deim på vinstre sida: «Gakk burt frå meg, de bannstøytte, til den ævelege elden, som er tilbudd åt djevelen og englarne hans! | Then shall he say also unto them on the left hand, Depart from me, ye cursed, into everlasting fire, prepared for the devil and his angels: |
| 42 | For eg var svolten, og de gav meg ikkje mat; eg var tyrst, og de gav meg ikkje drikka; | For I was an hungred, and ye gave me no meat: I was thirsty, and ye gave me no drink: |
| 43 | eg var heimlaus, og de hyste meg ikkje; eg var naken, og de klædde meg ikkje; eg var sjuk, og i fengsel, og de såg ikkje um meg.» | I was a stranger, and ye took me not in: naked, and ye clothed me not: sick, and in prison, and ye visited me not. |
| 44 | Då tek dei og til ords og segjer: «Herre, når hev me set deg svolten, eller tyrst, eller heimlaus, eller naken, eller sjuk, eller i fengsel, og hev ikkje tent deg?» | Then shall they also answer him, saying, Lord, when saw we thee an hungred, or athirst, or a stranger, or naked, or sick, or in prison, and did not minister unto thee? |
| 45 | Og han svarar: «Det segjer eg dykk for sant: Alt det de ikkje hev gjort mot ein av desse minste, det hev de ’kje gjort mot meg heller.» | Then shall he answer them, saying, Verily I say unto you, Inasmuch as ye did it not to one of the least of these, ye did it not to me. |
| 46 | So skal dei ganga burt til æveleg straff, men dei rettferdige til eit ævelegt liv. | And these shall go away into everlasting punishment: but the righteous into life eternal. |
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗
King James Version — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: GPL