누가복음 24장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 누가복음 (Luke) · 53절
- 1 Men den fyrste dagen i vika, tidleg i otta, kom dei til gravi, og hadde med seg kryddorne som dei hadde laga til.
- 2 Då fekk dei sjå at steinen var velt ifrå gravi;
- 3 dei gjekk inn, men fann ikkje likamen åt Herren Jesus.
- 4 Dei visste ikkje kva dei skulde tenkja um dette; då stod det med ein gong tvo menner i skinande klæde innmed deim,
- 5 og med dei fulle av otte stirde nedfyre seg, sagde mennerne til deim: «Kvi leitar de etter den livande millom dei daude?
- 6 Han er ikkje her; han hev stade upp att. Kom i hug kva han sagde med dykk då han endå var i Galilæa,
- 7 at Menneskjesonen skulde gjevast i henderne på synduge menneskje og krossfestast, og standa upp att tridje dagen!»
- 8 Då kom dei i hug ordi hans,
- 9 og dei gjekk burt att frå gravi, og fortalde alt dette til dei elleve og alle dei andre.
- 10 Det var Maria Magdalena og Johanna og Jakobs-Maria og dei hine kvinnorne i fylgjet deira - dei sagde dette med apostlarne;
- 11 men dei tenkte det var noko vas dei for med, og trudde deim ikkje.
- 12 Peter sprang like vel av stad til gravi, og då han lutte seg ned, såg han ikkje anna enn likklædi; so gjekk han burt att, og undrast med seg yver det som var hendt.
- 13 Same dagen gjekk tvo av deim utetter til ein liten by som heiter Emmaus, og ligg ei mil frå Jerusalem,
- 14 og på vegen tala dei med einannan um alt det som nyst hadde hendt.
- 15 Med dei no gjekk og tala og dryfte det med kvarandre, kom Jesus sjølv innåt og slo fylgje med deim;
- 16 men augo deira var fjetra, so dei kjende honom ikkje.
- 17 «Kva er det for ting de røder so um, med de gjeng etter vegen?» spurde han. Då stana dei, og det var sjåande til at dei sturde.
- 18 Og den eine av deim - han heitte Kleopas - tok til ords og sagde til honom: «Du må visst vera den einaste som held til i Jerusalem og ikkje veit kva som hev hendt der desse dagarne!»
- 19 «Kva for noko?» spurde han. «Det med Jesus frå Nasaret,» svara dei, «han som var ein profet, megtig i gjerning og ord for Gud og alt folket,
- 20 korleis øvsteprestarne og rådsherrarne våre fekk dømt honom frå livet og krossfeste honom.
- 21 Og me vona at han var den som skulde løysa ut Israel. Og med alt det so er det no på tridje dagen sidan dette gjekk fyre seg.
- 22 Men so hev og nokre kvinnor i flokken vår sett oss i uro og undring; dei var i otta ved gravi,
- 23 og fann ikkje likamen hans, men kom og fortalde at dei hadde set ei syn av englar, og at englarne hadde sagt at han liver.
- 24 Nokre av felagerne våre gjekk då ut til gravi, og fann det heiltupp so som kvinnorne hadde sagt, men honom såg dei ikkje.»
- 25 «Å, for uvituge de er,» svara han, «og for seinhuga til å tru alt det som profetarne hev tale!
- 26 Laut ikkje Messias lida dette, fyrr han kunde ganga inn til sin herlegdom?»
- 27 So tok han til frå Moses og alle profetarne, og i alle skrifterne lagde han ut for deim det som er sagt um honom der.
- 28 Då dei var tett innmed den byen dei skulde til, lest han vilja ganga lenger.
- 29 Men dei nøydde honom og sagde: «Ver hjå oss! Det lid til kvelds, og dagen hallar.» So gjekk han inn og var hjå deim.
- 30 Som han no sat til bords med deim, tok han brødet og velsigna det, og braut det og gav deim.
- 31 Då vart augo deira upplatne, so dei kjende honom att; men i det same kvarv han burt for augo deira.
- 32 Då sagde dei med einannan: «Brann ikkje hjarta i oss då han tala med oss på vegen, då han lagde ut skrifterne åt oss?»
- 33 Og dei tok ut i same stund, og gjekk attende til Jerusalem. Dei fann dei elleve og felagarne deira samla, og dei sagde:
- 34 «Herren hev sanneleg stade upp att, og hev synt seg for Simon.»
- 35 Og sjølve fortalde dei um det som hadde hendt på vegen, og korleis dei hadde kjent honom då han braut brødet.
- 36 Best dei tala um dette, stod han sjølv midt ibland deim og sagde: «Fred vere med dykk!»
- 37 Dei kvakk og vart rædde, og trudde det var ei ånd dei såg.
- 38 Då sagde han til deim: «Kvi er de so forstøkte, og kvifor vaknar det tvil i hjarta dykkar?
- 39 Sjå henderne og føterne mine, at det er eg sjølv! Kjenn på meg og sjå! Ei ånd hev då ’kje kjøt og bein, som de ser eg hev.»
- 40 Då han hadde sagt det, synte han deim henderne og føterne sine.
- 41 Då dei endå ikkje kunde tru for gleda, men berre undra seg, sagde han: «Hev de noko etande her?»
- 42 Dei gav han eit stykke steikt fisk og noko av ei honningkaka,
- 43 og han tok det og åt det for augo deira.
- 44 So sagde han til deim: «Dette var det eg tala til dykk um då eg endå var i lag med dykk, at alt som er skrive um meg i Moselovi og profetarne og salmarne, laut sannast.»
- 45 So let han upp for tankarne deira, so dei kunde skyna skrifterne.
- 46 «So stend skrive,» sagde han, «at Messias skal lida og standa upp frå dei daude tridje dagen,
- 47 og i hans namn skal umvending og syndeforlating ropast ut for alle folkeslag; frå Jerusalem skal det ganga ut.
- 48 De skal sjølve vitna um dette.
- 49 Og no vil eg senda yver dykk det som far min hev lova; men de skal halda dykk rolege i byen, til de vert budde med kraft frå det høge.»
- 50 Sidan tok han deim med seg ut or byen, til burt imot Betania, og han lyfte upp henderne og velsigna deim.
- 51 Og med han lyste velsigningi, skildest han frå deim og for upp til himmelen.
- 52 Og dei kasta seg på kne og tilbad honom. So gjekk dei attende til Jerusalem i stor gleda,
- 53 og sidan var dei allstødt i templet og lova og prisa Gud.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗