요한복음 1장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 요한복음 (John) · 51절
- 1 I upphavet var ordet, og ordet var hjå Gud, og ordet var Gud.
- 2 Han var i upphavet hjå Gud.
- 3 All ting vart til ved honom, og utan honom vart ikkje ein einaste ting til av det som hev vorte til.
- 4 I honom var liv, og livet var ljoset åt menneski.
- 5 Og ljoset skin i myrkret, og myrkret fekk ikkje magt med det.
- 6 Det stod fram ein mann, send ifrå Gud; Johannes er namnet hans.
- 7 Den mannen kom til vitnemål, at han skulde vitna um ljoset, so alle kunde tru ved honom.
- 8 Det var ikkje han som var ljoset, men han skulde vitna um ljoset.
- 9 Det sanne ljoset, som lyser upp kvart menneskje, var den gongen på veg til verdi.
- 10 Han var i verdi, og verdi hev vorte til ved honom, og verdi kjende honom ikkje.
- 11 Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot honom.
- 12 Men alle som tok imot honom, deim gav han rett til å verta Guds born, deim som trur på namnet hans,
- 13 som ikkje er fødde av blod, og ikkje av kjøts vilje, og ikkje av manns vilje, men av Gud.
- 14 Og Ordet vart kjøt og feste bu hjå oss, og me skoda herlegdomen hans, ein sovoren herlegdom som ein einboren Son hev frå Far sin, full av nåde og sanning.
- 15 Johannes vitnar um honom og ropar ut: «Han var det eg sagde soleis um: Den som kjem etter meg, hev vorte fyre meg; for han var til fyrr enn eg.»
- 16 Ja, av hans fullnad hev me alle fenge, og det nåde på nåde;
- 17 for lovi vart gjevi gjenom Moses, nåden og sanningi vart til ved Jesus Kristus.
- 18 Aldri hev nokon set Gud; den einborne Sonen, som er i fanget åt Faderen, han hev gjort honom kjend.
- 19 So var vitnemålet Johannes gav då jødarne sende prestar og levitar frå Jerusalem, som skulde spyrja honom: «Kven er du?»
- 20 Då sagde han beint ut, og dulde ikkje fyre det; han sagde beint ut: «Eg er ikkje Messias.»
- 21 «Kva er du då?» spurde dei. «Er du Elia?» «Nei, det er eg ikkje,» sagde han. «Er du profeten?» «Nei,» svara han.
- 22 «Kven er du?» sagde dei då - «so me hev eit svar å gjeva deim som hev sendt oss! Kva segjer du um deg sjølv?»
- 23 Han sagde: «Eg er røysti som ropar i heidi: «Beinka vegen åt Herren!» som profeten Jesaja segjer.»
- 24 Dei som var sende, høyrde til farisæarflokken.
- 25 So spurde dei honom: «Kvi døyper du då, når du ikkje er Messias, og ikkje Elia, og ikkje profeten?»
- 26 «Eg døyper med vatn,» svara Johannes; «midt ibland dykk stend ein som de ikkje kjenner:
- 27 han som kjem etter meg, og som eg ikkje er verdig til å løysa skobandet åt.»
- 28 Dette gjekk fyre seg i Betania, på hi sida åt Jordan, der Johannes var og døypte.
- 29 Dagen etter ser han Jesus koma burt imot seg, og segjer: «Sjå der er Guds lamb, som tek burt verdsens synd!
- 30 Det er han eg sagde det um: Etter meg kjem ein mann som hev vorte fyre meg; for han var til fyrr enn eg.
- 31 Eg kjende honom ikkje, men for di han skulde openberrast åt Israel, difor er det eg er komen og døyper med vatn.»
- 32 Og Johannes vitna: «Eg hev set Anden dala ned som ei duva frå himmelen, og han stana yver honom.
- 33 Eg kjende honom ikkje, men han som sende meg til å døypa med vatn, han sagde til meg: «Den du ser Anden dalar ned imot og stanar yver, han er den som døyper med den Heilage Ande.»
- 34 Og eg hev set det, og hev vitna at han er Guds Son.»
- 35 Andre dagen stod Johannes der atter med tvo av læresveinarne sine.
- 36 Då ser han Jesus, som kom gangande, og segjer: «Sjå der er Guds lamb!»
- 37 Dei tvo læresveinarne høyrde kva han sagde, og fylgde etter Jesus.
- 38 Då snudde Jesus seg, og då han såg dei fylgde etter honom, sagde han til deim: [Stu21: 39] «Kva vil de?» «Kvar bur du, rabbi?» spurde dei - rabbi tyder meister -.
- 39 [Stu21: 40] «Kom, so skal de sjå!» svara han. So gjekk dei med honom, og såg kvar han budde, og dei vart verande hjå honom den dagen. Det var ikring tiande timen.
- 40 [Stu21: 41] Andreas, bror åt Simon Peter, var ein av dei tvo som hadde høyrt ordi hans Johannes og fylgt etter Jesus.
- 41 [Stu21: 42] Han finn fyrst bror sin, Simon, og segjer til honom: «Me hev funne Messias!» - Messias er det same som Kristus -.
- 42 [Stu21: 43] Han tok honom med seg til Jesus. Jesus såg på honom og sagde: «Du er Simon Johannesson; du skal kallast Kefas!» - Kefas er det same som Peter -.
- 43 [Stu21: 44] Dagen etter vilde Jesus taka ut og fara til Galilæa. Han møter Filip, og segjer til honom: «Fylg meg!»
- 44 [Stu21: 45] Filip var frå Betsaida, same byen som Andreas og Peter var ifrå.
- 45 [Stu21: 46] Filip møter Natanael, og segjer til honom: «Me hev funne den som Moses hev skrive um i lovi, og som profetarne hev skrive um; det er Jesus Josefsson frå Nasaret.»
- 46 [Stu21: 47] «Kann det koma noko godt frå Nasaret?» sagde Natanael. «Kom og sjå!» svara Filip.
- 47 [Stu21: 48] Jesus såg Natanael koma burt imot seg, og sagde um honom: «Sjå der er ein egte israelit, ein som det ikkje finst svik i!»
- 48 [Stu21: 49] Natanael segjer til honom: «Kvar kjenner du meg ifrå?» «Eg såg deg då du var under fiketreet, fyrr Filip ropa på deg,» svara Jesus.
- 49 [Stu21: 50] Då tok Natanael til ords og sagde til honom: «Rabbi, du er Guds Son, du er Israels konge!»
- 50 [Stu21: 51] «Trur du for di eg sagde deg at eg hadde set deg innunder fiketreet?» svara Jesus; «du skal få sjå større ting enn det.
- 51 [Stu21: 52] Det segjer eg dykk for visst og sant,» sagde han med honom: «De skal sjå himmelen open og Guds englar stiga upp og stiga ned yver Menneskjesonen.»
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗