누가복음 2장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 누가복음 (Luke) · 52절
- 1 I dei dagarne let keisar Augustus lysa ut at det skulde takast manntal yver heile verdi.
- 2 Dette var fyrste gongen dei tok manntal med Kvirinius var landshovding i Syria.
- 3 Då for alle heim, kvar til sin eigen by, og skulde skriva seg i manntalet.
- 4 Josef og for frå Galilæa, frå den byen som heiter Nasaret, upp til Judæa, til Davidsbyen, den som dei kallar Betlehem - for han høyrde til Davids hus og ætt -
- 5 og vilde skriva seg der. Maria, festarmøyi hans, var med honom; ho gjekk då med barn,
- 6 og med dei var der, bar det so til at tidi hennar kom,
- 7 og ho åtte den fyrste sonen sin; ho sveipte honom og lagde honom i ei krubba, for det var ikkje rom åt dei i herbyrget.
- 8 Det var nokre hyrdingar der i bygdi som låg ute og vakta buskapen sin um natti.
- 9 Best det var, stod ein engel frå Herren innmed deim, og Herrens herlegdom lyste kringum deim. Då vart dei fælande rædde;
- 10 men engelen sagde til deim: «Ver ikkje rædde! Eg kjem med bod til dykk um ei stor gleda som skal timast alt folket:
- 11 I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by; han er Kristus, Herren!
- 12 Og det skal de hava til merke: de skal finna eit lite barn som er sveipt og ligg i ei krubba.»
- 13 Og brått var det ein stor her av himmelånder med engelen; dei lova Gud og kvad:
- 14 «Æra vere Gud i det høgste, og fred på jordi, og hugnad med menneskje!»
- 15 Då englarne hadde fare burt att og upp til himmelen, sagde hyrdingarne seg imillom: «Lat oss no ganga radt til Betlehem og sjå dette som hev hendt, og som Herren hev vitra oss um!»
- 16 So skunda dei seg dit, og fann Maria og Josef, og det vesle barnet som låg i krubba.
- 17 Og då dei hadde set det, fortalde dei alt som hadde vorte sagt deim um dette barnet.
- 18 Alle som høyrde på hyrdingarne, undra seg yver det dei fortalde;
- 19 men Maria gøymde alle desse ordi i hjarta, og gruna på deim.
- 20 Og hyrdingarne for heim att, og lova og prisa Gud for alt det dei hadde høyrt og set, og som høvde so vel med det som var sagt deim.
- 21 Då åtte dagar var lidne, og han skulde umskjerast, kalla dei honom Jesus; det var det namnet engelen hadde nemnt, fyrr han var komen i morsliv.
- 22 So snart reinsingstidi som er fyreskrivi i Moselovi, var til endes for deim, tok dei honom med seg upp til Jerusalem; dei vilde te honom fram for Herren
- 23 - soleis som det stend skrive i Herrens lov: «Alt mannkyn som kjem fyrst frå morsliv, skal kallast heilagt åt Herren» -
- 24 og vilde bera fram offer, etter det som er sagt i Herrens lov: «eit par turtelduvor eller tvo duveungar.»
- 25 I Jerusalem var det då ein mann som heitte Simeon, ein rettferdig og gudleg mann, som venta på Israels trøyst; den Heilage Ande var yver honom,
- 26 og hadde vitra honom um at han ikkje skulde fara or verdi, fyrr han hadde set Herrens Messias.
- 27 No kom han til templet - det var Anden som dreiv honom - og då foreldri kom berande inn med Jesus-barnet, og vilde fara med det som visi var etter lovi,
- 28 tok han det og på armarne, og lova Gud og sagde:
- 29 «Herre, no gjev du din tenar heimlov, som ordet ditt lydde, og let han fara i fred!
- 30 For no fekk auga mitt skoda di frelsa,
- 31 som du hev skipa til for åsyni åt alle folk,
- 32 eit ljos som for heidningarn’ lyser, ein herlegdom og ei æra for Israel, folket ditt eige.»
- 33 Far hans og mor hans undra seg yver det som vart sagt um honom.
- 34 Og Simeon velsigna deim og sagde til Maria, mor hans: «Dette barnet er sett til fall og uppreising for mange i Israel og til eit motsegjingsteikn;
- 35 men deg og skal sverdet stinga gjenom hjarta; då kjem det upp kva tankar mange gøymde i hugen.»
- 36 Det var og ei profetkvinna der, Anna Fanuelsdotter av Assers-ætti. Ho var langt ut i åri; etter ho vart gift, hadde ho butt i hop med mannen sin i sju år,
- 37 og sidan sete enkja i heile fire og åtteti år. Ho kom aldri frå templet, og tente Gud i bøn og fasta natt og dag.
- 38 I denne stundi gjekk ho fram og takka og prisa Gud, og tala um barnet til alle som venta på frelsa for Jerusalem.
- 39 Då dei hadde gjort alt som er fyreskrive i Herrens lov, for dei attende til heimstaden sin, Nasaret i Galilæa.
- 40 Og barnet voks, og vart sterkt og fullt av visdom, og Guds nåde var yver honom.
- 41 År um anna for foreldri hans til Jerusalem i påskehelgi.
- 42 Då han var tolv år, drog dei og dit upp, som skikk og bruk var på høgtidi;
- 43 men då dei hadde vore der høgtidsdagarne til endes, og skulde taka på heimvegen, vart Jesus-barnet att i Jerusalem, og foreldri hans gådde det ikkje.
- 44 Dei tenkte han var med i ferdafylgjet, og for ei dagsleid fram, og leita etter honom millom skyldfolk og kjenningar.
- 45 Som dei no ikkje fann honom, for dei attende til Jerusalem, og leita etter honom der;
- 46 og då tri dagar var lidne, fann dei honom i templet; der sat han midt ibland lærarane og lydde på deim og spurde deim,
- 47 og alle som høyrde på honom, var reint upp i under kor vitug han var, og for svar han gav.
- 48 Då dei fekk sjå honom, vart dei mest frå seg av undring, og mor hans sagde: «Kvi for du soleis åt mot oss, barn? Far din og eg hev leita so sårt etter deg!»
- 49 «Kvifor leita de etter meg?» svara han; «visste de ikkje at eg lyt vera i huset åt far min?»
- 50 Men dei skyna ikkje kva han meinte med det ordet.
- 51 So fylgde han deim heim til Nasaret, og var lydug mot deim. Men mor hans gøymde alt dette i hjarta sitt.
- 52 Og Jesus gjekk fram i visdom og vokster og velvilje hjå Gud og menneskje.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗