누가복음 1장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 누가복음 (Luke) · 80절
- 1 Det er alt mange som hev teke seg til å setja upp ei fråsegn um dei hendingarne som hev gjenge fyre seg hjå oss,
- 2 so som dei hev bore det fram dei som frå fyrsten var augvitne og ærendsveinar åt ordet.
- 3 Difor hev eg og sett meg fyre at eg vilde granska alt vel frå grunnen og so skriva det upp åt deg, gjævaste Teofilus - stykke for stykke, soleis som det heng saman,
- 4 so du kann sjå kor truverdig ho er den soga som du hev høyrt.
- 5 I den tidi då Herodes var konge i Jødeland, var det ein prest som heitte Zakarja; han høyrde til det prestelaget som hev namn etter Abia. Kona hans var ætta frå Aron, og heitte Elisabet.
- 6 Båe var dei rettferdige for Gud; dei fylgde alle Herrens bod og fyresegner, og ingen kunde finna noko å lasta deim for.
- 7 Men dei hadde ikkje born; for Elisabet var ’kje barnkjømd, og dei var båe fram i åri.
- 8 So var det ein dag Zakarja gjorde prestetenesta for Gud; for turen var komen til hans lag,
- 9 og då dei drog strå, som visi er millom prestarne, fall det på honom å ganga inn i Herrens tempel og bera fram røykofferet,
- 10 med heile folkemengdi stod utanfor og bad i røykoffertimen.
- 11 Då fekk han med ein gong sjå ein Herrens engel, som stod på høgre sida åt røykofferaltaret.
- 12 Då Zakarja såg engelen, stokk han, og det kom ein otte yver honom.
- 13 Men engelen sagde til honom: «Ver ikkje rædd, Zakarja! Gud hev høyrt bøni di; du og Elisabet, kona di, skal få ein son, og du skal kalla honom Johannes.
- 14 Då vert du både glad og fegen, og mange skal gleda seg av di han er fødd.
- 15 For han skal vera stor i Herrens augo; han skal ikkje drikka vin eller sterke drykkjer, og alt ifrå morsliv skal han fyllast av den Heilage Ande.
- 16 Mange av Israels-sønerne skal han venda um til Herren, deira Gud,
- 17 og sjølv skal han ganga fyre honom i Elias ånd og kraft, og venda hjarto åt federne um til borni, og dei ulyduge til den hug som bur i rettferdige menner, so han kann vinna Herren eit vel fyrebutt folk.»
- 18 «Korleis kann eg vita um dette er sant?» sagde Zakarja til engelen; «eg er då ein gamall mann, og kona mi er og fram i åri.»
- 19 Då svara engelen: «Eg er Gabriel, som stend for Guds åsyn. Eg er send hit og skal tala med deg og bera dette gledebodet til deg.
- 20 Og no skal du ljota tegja, og ikkje kunna tala, alt til den dagen dette hender, for di du ikkje trudde meg; men det eg hev sagt, skal sannast når tidi er komi.»
- 21 Medan stod folket og venta på Zakarja, og undra seg yver at han drygde so lenge i templet.
- 22 Men då han kom ut, og ikkje kunde tala med deim, skyna dei at han hadde set ei syn i templet; sjølv nikka han og gjorde teikn til deim, men var og vart mållaus,
- 23 og då tidi for tempeltenesta hans var ute, for han heim att.
- 24 Eit bil etter hende det at Elisabet, kona hans, vart med barn. Då heldt ho seg heime i fem månader, og sagde:
- 25 «Soleis hev Herren laga det for meg då tidi var komi at han i nåde vilde taka burt skammi mi millom folk.»
- 26 Då det leid på sette månaden, vart engelen Gabriel send frå Gud til ein by i Galilæa som dei kallar Nasaret,
- 27 åt ei møy som var trulova med ein mann som heitte Josef, av Davids-ætti, og møyi heitte Maria.
- 28 Då engelen kom inn til henne, sagde han: «Guds fred, du som hev fenge slik nåde! Herren er med deg! Velsigna er du millom kvinnor!»
- 29 Ved desse ordi stokk ho, og tenkte med seg: «Kva er dette for ei helsing?»
- 30 Men engelen sagde til henne: «Ver ikkje rædd, Maria! Du hev funne nåde hjå Gud!
- 31 Du skal verta med barn og få ein son, og kalla honom Jesus.
- 32 Han skal vera stor og kallast son åt den Høgste, og Herren Gud skal gjeva honom kongsstolen åt David, ættfaren hans;
- 33 han skal vera konge yver Jakobs-ætti i all æva, og det skal ikkje vera ende på kongedømet hans.»
- 34 «Korleis skal det ganga til, når eg ikkje hev mann?» sagde Maria.
- 35 «Den Heilage Ande skal koma yver deg, og krafti åt Den Høgste skal skyggja yver deg,» svara engelen; «difor skal og det heilage som vert født, kallast Guds Son.
- 36 Og høyr: Elisabet, som er skyld deg, skal og hava ein son på sine gamle dagar; dei sagde ho var ikkje barnkjømd, men no er ho alt i sette månaden;
- 37 for ingen ting er umogeleg for Gud.»
- 38 Då sagde Maria: «Her stend eg - eg er Herrens tenestkvinna! Lat det ganga meg som du hev sagt!» So for engelen burt att.
- 39 Straks etter tok Maria av stad, og for so fort ho kunde upp i fjellbygderne, til ein by i Judaland;
- 40 der gjekk ho inn i huset åt Zakarja og helsa på Elisabet.
- 41 Då hende det at med same Elisabet høyrde helsingi hennar Maria, hoppa fostret i livet hennar; og ho vart fyllt av den Heilage Ande,
- 42 og kvad med høg røyst: «Velsigna vere du i kvendeflokk, velsigna det du under beltet ber!
- 43 Kvi skal det timast meg so store ting at mor åt Herren min kjem hit til meg?
- 44 For då di helsing nådde øyra mitt, då hoppa fostret i mitt liv av frygd.
- 45 Ja, sæl er ho som leit på Herrens ord, at det han hadde lova, laut gå fram!»
- 46 Og Maria svara: «Mi sjæl høglovar Herren,
- 47 mitt hjarta gleder seg i Gud, min frelsar!
- 48 Han tenkte på si ringe tenestkvinna! For ifrå denne stund skal alle ætter kalla meg for sæl.
- 49 Stort er det han for meg hev gjort den Megtige, og heilagt er hans namn;
- 50 frå ætt til ætt hans miskunn når mot deim som ottast honom.
- 51 Velduge verk so gjer hans sterke arm; storlåtne spreider han for ver og vind med deira høgferds-hug;
- 52 han støyter hovdingar frå høgsæte og lyfter låge upp;
- 53 Hungrige mettar han med gode gåvor, og rikingar rek han tomhendte burt.
- 54 Han sytte vel for Israel, sin svein; til evig tid han minnast vil -
- 55 So var hans ord til federn’ våre - si miskunn mot Abraham og hans ætt.»
- 56 Maria vart verande hjå henne um lag tri månader; sidan for ho heim att.
- 57 So kom tidi at Elisabet skulde eiga barn, og ho åtte ein son.
- 58 Og då grannarne og skyldfolket høyrde kor stor ein nåde Herren hadde vist henne, vart dei glade og ynskte henne til lukka.
- 59 Åtte dagar etter kom dei og skulde umskjera guten; men då dei vilde kalla honom Zakarja etter faren,
- 60 tok mor hans til ords og sagde: «Nei, han skal heita Johannes!»
- 61 «Det er ingen i ætti som heiter so,» svara dei,
- 62 og dei gjorde teikn til faren, kva han vilde guten skulde kallast.
- 63 Då bad han um ei tavla og skreiv: «Johannes er namnet hans!» Alle undra seg;
- 64 men i det same fekk han att mål og mæle, og han tala og prisa Gud.
- 65 Då kom der ein otte på alle dei som budde der ikring; i heile Judaheidi vart alt dette mykje umtala,
- 66 og kvar den som høyrde det, tok det til minnes og sagde: «Kva tru den guten er etla til?» For Herren heldt si hand yver honom.
- 67 Men Zakarja, far hans, vart fyllt av den Heilage Ande, og han tala profetord og kvad:
- 68 «Velsigna vere Herren, Israels eigen Gud! Til lyden sin han lydde, og løyste deim or band;
- 69 ei frelsarmagt vekt’ han oss upp, ei veldug, uti Davids ætt, som var hans trugne svein -
- 70 Som han frå fordom gjenom Heilag profetmunn sagde:
- 71 Frå fiendarne frelsa, frå kvar ei hatarhand!
- 72 Han vil federn’ våre vel, og kom i hug den heilage og støde pakti si,
- 73 den eid han hadde svore vår ættfar, Abraham.
- 74 Han vilde ut oss fria or fiendsmagt og fiendsvald, so me han utan rædsl’ og rygd,
- 75 i rettferd og med heilag hug kann tena all vår tid.
- 76 Du og, min son, skal kallast Allhøge Guds profet, skal fyre Herren fara, og rydja vel hans veg,
- 77 og læra lyden hans å sjå frelsa, dei finna skal når han all deira synd forlet.
- 78 For miskunnsam av hjarta er han, vår gode Gud, ei stjerna let han skina for oss frå himmelhøgd,
- 79 Lysa for deim som sit i myrkr og daudsens skodd, og styra inn på velferds-veg vår fot.»
- 80 Og guten voks og vart sterk i åndi; han heldt seg i øydemarkerne til tidi kom då han skulde førast fram for Israel.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗