누가복음 3장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 누가복음 (Luke) · 38절
- 1 I det femtande styringsåret åt keisar Tiberius, med Pontius Pilatus var landshovding i Judæa, og Herodes fylkeskonge i Galilæa, og Filip, bror hans, fylkeskonge i Ituræa- og Trakonitis-landet, og Lysanias fylkeskonge i Abilene,
- 2 og med Annas og Kajafas var øvsteprestar, kom Guds ord til Johannes, son åt Zakarja, i øydemarki.
- 3 Då for han kring i heile Jordan-kverven, og ropa ut umvendingsdåp til forlating for synderne,
- 4 som skrive stend i spådomsboki åt Jesaja, profeten: «Høyr han som ropar i heidi: «Rydje vegen for Herren, jamne stigarne hans!
- 5 Kvart djuv skal fyllast, kvart fjell skal lægjast, og kvar ein haug; beint skal det verta det som krokut var, staupute vegen han skal verta slett,
- 6 og kvart eit liv Guds frelsa skoda skal.»»
- 7 Som no folket kom ut og vilde få honom til å døypa seg, sagde han til deim: «Orme-ungar, kven lærde dykk å røma frå vreiden som skal koma?
- 8 Ber då frukter som høver med umvendingi, og gjev dykk ikkje til å tenkja som so: «Me hev Abraham til far!» for eg segjer dykk at Gud kann vekkja upp born åt Abraham av desse steinarne.
- 9 Øksi ligg alt innmed roti på treet; kvart tre som ikkje ber god frukt, vert hogge ned og kasta på elden.»
- 10 «Kva skal me då gjera?» spurde folket.
- 11 Han svara deim: «Den som hev tvo trøyor, skal skifta med den som ingi hev, og den som hev mat, skal gjera sameleis.»
- 12 Det kom og nokre tollmenner som vilde døypast, og sagde: «Meister, kva skal me gjera?»
- 13 «Krev ikkje meir enn de er fyresagde!» svara han.
- 14 Like eins var det nokre hermenner som spurde honom: «Kva skal då me gjera?» Då svara han: «De skal ikkje plåga folk eller truga pengar utav deim! De skal nøgja dykk med løni dykkar!»
- 15 Men folket gjekk i venting, og alle tenkte um Johannes: «Tru han er Messias?»
- 16 Då tok han til ords og sagde til alle: «Eg døyper dykk med vatn; men det kjem ein som er sterkare enn eg - eg er ikkje verdig å løysa skobandet hans; han skal døypa dykk med den Heilage Ande og eld.
- 17 Han hev kasteskovli i handi, og skal gjera av låven sin, og samla kornet i stabburet sitt; men agnerne skal han brenna i ein eld som aldri sloknar.»
- 18 Dette og mykje anna lagde han folket på hjarta, og kunngjorde evangeliet åt deim.
- 19 Men då han tala til Herodes, fylkeskongen, for giftarmålet med Herodias, brorkona hans, og for alt det vonde han hadde gjort,
- 20 so gjorde Herodes det og attpå alt, at han sette Johannes i fengsel.
- 21 Då no alt folket vart døypt, og Jesus og var døypt, då hende det, med han bad, at himmelen opna seg,
- 22 og den Heilage Ande dala ned yver honom i duveham, og det kom ei røyst frå himmelen: «Du er son min, som eg elskar; deg hev eg hugnad i.»
- 23 Jesus var um lag tretti år då han stod fram, og var, etter som dei meinte, son åt Josef, son åt Eli,
- 24 son åt Mattat, son åt Levi, son åt Melki, son åt Jannai, son åt Josef,
- 25 son åt Mattatias, son åt Amos, son åt Nahum, son åt Esli, son åt Naggai,
- 26 son åt Ma’at, son åt Mattatias, son åt Sime’i, son åt Josek, son åt Joda,
- 27 son åt Johanan, son åt Resa, son åt Zerubbabel, son åt Salatiel, son åt Neri,
- 28 son åt Melki, son åt Addi, son åt Kosam, son åt Elmadam, son åt Er,
- 29 son åt Josva, son åt Eliezer, son åt Jorim, son åt Mattat, son åt Levi,
- 30 son åt Simeon, son åt Juda, son åt Josef, son åt Jonam, son åt Eljakim,
- 31 son åt Melea, son åt Menna, son åt Mattata, son åt Natan, son åt David,
- 32 son åt Isai, son åt Obed, son åt Boaz, son åt Salmon, son åt Nahson,
- 33 son åt Amminadab, son åt Ram, son åt Hesron, son åt Peres, son åt Juda,
- 34 son åt Jakob, son åt Isak, son åt Abraham, son åt Tarah, son åt Nahor,
- 35 son åt Serug, son åt Re’u, son åt Peleg, son åt Eber, son åt Salah,
- 36 son åt Kenan, son åt Arpaksad, son åt Sem, son åt Noah, son åt Lamek,
- 37 son åt Metusalah, son åt Enok, son åt Jared, son åt Malalael, son åt Kenan,
- 38 son åt Enos, son åt Set, son åt Adam, Guds son.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗