마가복음 16장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 마가복음 (Mark) · 20절
- 1 Då kviledagen var ende, kjøpte Maria Magdalena og Jakobs-Maria og Salome angande kryddor; for dei vilde ganga av stad og salva honom.
- 2 Ovtidleg den fyrste dagen i vika - det var so vidt soli hadde runne - kom dei til gravi.
- 3 Då sagde dei seg imillom: «Kven skal me få til å velta steinen frå gravopningi?»
- 4 Men då dei såg upp, vart dei vare at steinen var fråvelt, og han var ovstor.
- 5 Då dei kom inn i gravi, såg dei ein ung mann, som sat på høgre sida, klædd i ein lang kvit kjole. Dei vart forfærde;
- 6 men han sagde: «Ver ikkje forfærde! De leitar etter Jesus frå Nasaret, han som vart krossfest! Han hev stade upp att; han er ikkje her. Sjå her er staden der dei lagde honom.
- 7 Men gakk no av stad og seg med læresveinarne hans og med Peter at han gjeng fyre dykk til Galilæa; der skal de sjå honom, som han hev sagt dykk.»
- 8 Då gjekk dei ut att og rømde frå gravi; for fælska hadde teke deim, so dei skalv og var mest ifrå seg. Og dei tala ’kje eit ord til nokon, so rædde var dei.
- 9 Då Jesus hadde stade upp att, tidleg den fyrste dagen i vika, synte han seg fyrst for Maria Magdalena, som han hadde drive sju vonde ånder utor.
- 10 Ho gjekk av stad og sagde det til deim som hadde vore med honom, og som no syrgde og gret.
- 11 Men då dei fekk høyra at han livde, og at ho hadde set honom, vilde dei ikkje tru det.
- 12 Sidan synte han seg i ein annan skapnad for tvo av dei, som gjekk etter vegen og skulde ut på landet.
- 13 Dei og kom og sagde det med dei andre, men dei trudde ikkje deim heller.
- 14 Seinare synte han seg for dei elleve sjølve, med dei sat til bords; og han lasta deim for vantrui og tråskapen deira, at dei ikkje trudde deim som hadde set honom etter han var staden upp att.
- 15 Og han sagde til deim: «Gakk ut i all verdi og kunngjer evangeliet for all skapningen!
- 16 Den som trur og vert døypt, skal verta frelst, men den som ikkje trur, skal verta fordømd.
- 17 Og desse teikni skal fylgja deim som trur: I mitt namn skal dei driva ut vonde ånder; dei skal tala med nye tungor;
- 18 dei skal taka ormar i henderne, og um dei drikk noko som det er gift i, so skal det ikkje skada deim; legg dei henderne på sjuke, so skal dei få att helsa.»
- 19 Etter Herren Jesus hadde tala til deim, vart han teken upp til himmels og sette seg ved Guds høgre hand.
- 20 Og dei gjekk ut og tala Guds ord alle stader, og Herren var med deim og stadfeste ordet med dei teikni som fylgde med.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗