고린도전서 12장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 고린도전서 (1 Corinthians) · 31절
- 1 Men um dei åndelege gåvor vil eg ikkje at de skal vera uvitande, brør!
- 2 De veit at då de var heidningar, let de dykk draga til dei mållause avgudarne, etter som de vart dregne.
- 3 Difor kunngjer eg dykk, at ingen som talar i Guds Ande, segjer: «Forbanna er Jesus,» og ingen kann segja: «Jesus er Herre,» utan i den Heilage Ande.
- 4 Det er skil på nådegåvor, men Anden er den same.
- 5 Og det er skil på tenestor, men Herren er den same.
- 6 Og det er skil på kraftige verknader, men Gud er den same, som verkar alt i alle.
- 7 Men openberringi av Anden fær kvar og ein til det som er gagnlegt.
- 8 For ein fær visdoms tale ved Anden, men ein annan kunnskaps tale ved den same Ande;
- 9 ein annan tru ved den same Ande, ein annan nådegåvor til å lækja ved den same Ande;
- 10 ein annan kraft til å gjera under, ein annan profetgåva, ein annan gåva til å prøva ånder, ein annan ymse tungor, ein annan tyding av tungor.
- 11 Men alt dette verkar ein og den same Ande, som skifter ut til kvar for seg, etter som han vil.
- 12 For liksom likamen er ein og hev mange lemer, men alle lemerne på likamen er ein likam, endå dei er mange, soleis er det og med Kristus.
- 13 For i ein Ande er me alle døypte til å vera ein likam - anten me er jødar eller grækarar eller trælar eller frie - og alle hev me fenge drikka ein Ande.
- 14 For likamen er ikkje heller ein lem, men mange.
- 15 Um foten vilde segja: «Då eg ikkje er hand, so høyrer eg ikkje med til likamen,» so høyrer han då like fullt med til likamen.
- 16 Og um øyra vilde segja: «Då eg ikkje er auga, so høyrer eg ikkje med til likamen,» so høyrer det då like fullt med til likamen.
- 17 Dersom heile likamen var auga, kvar vart det då av høyrsla? Dersom det heile var høyrsla, kvar vart det då av lukti?
- 18 Men no hev Gud sett lemerne, kvar ein av dei på likamen, so som han vilde.
- 19 Men dersom dei alle var ein lem, kvar vart det då av likamen?
- 20 Men no er det mange lemer, men ein likam.
- 21 Auga kann ikkje segja til handi: «Eg treng ikkje til deg,» eller hovudet til føterne: «Eg treng ikkje til dykk.»
- 22 Men tvert imot: dei lemerne på likamen som synest vera veikast, dei er naudsynlege.
- 23 Og dei lemerne på likamen som syntest oss mindre æra verde, deim klæder me med større æra; og dei lemerne våre som me blygjest ved, deim klæder me med større blygd.
- 24 Men dei lemerne våre som er oss til sømd, dei treng ikkje til det. Men Gud hev sett likamen soleis saman, at han gav det ringaste størst æra,
- 25 so det ikkje skal vera tvidrag i likamen, men at lemerne skal hava same umsut for kvarandre.
- 26 Og um ein lem lid, so lid alle lemerne med, eller um ein lem vert heidra, so gled alle lemerne seg med.
- 27 Men de er Kristi likam og lemer, kvar etter sin lut.
- 28 Og Gud sette i kyrkja fyrst nokre til apostlar, for det andre profetar, for det tridje lærarar, so kraftige verk, so nådegåvor til å lækja, til å hjelpa, til å styra, so ymse tungor.
- 29 Er vel alle apostlar? Er alle profetar? Er alle lærarar? Gjer alle kraftige verk?
- 30 Hev alle nådegåvor til lækja? Kann alle tala med tungor? Kann alle tyda deim?
- 31 Men streva etter dei største nådegåvor! Og eg skal visa dykk ein endå betre veg.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗