고린도전서 13장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 고린도전서 (1 Corinthians) · 13절
- 1 Um eg talar med menneskjetungor og engletungor, men hev ikkje kjærleik, då er eg ein ljomande malm eller ei klingande bjølla.
- 2 Og um eg hev profetgåva og kjenner alle løyndomar og all kunnskap, og um eg hev all tru, so at eg kann flytja fjell, men hev ikkje kjærleik, då er eg ingen ting.
- 3 Og um eg gjev til føda for fatige alt det eg eig, og um eg gjev min likam til å verta brend, men hev ikkje kjærleik, då gagnar det meg ingen ting.
- 4 Kjærleiken er langmodig, er velviljug; kjærleiken ovundast ikkje; kjærleiken briskar seg ikkje, blæs seg ikkje upp;
- 5 han gjer inkje usømelegt, søkjer ikkje sitt eige, illskast ikkje, gøymer ikkje på det vonde;
- 6 han gled seg ikkje ved urettferd, men gled seg ved sanning.
- 7 Alt lid han, alt trur han, alt vonar han, alt toler han.
- 8 Kjærleiken fell aldri burt; men anten det er profetgåvor, so skal dei få ende, eller tungor, so skal dei tagna, eller kunnskap, so skal han få ende.
- 9 For me skynar i stykkjevis og talar profetisk i stykkjevis;
- 10 men når det fullkomne kjem, då skal det som er i stykkjevis, få ende.
- 11 Då eg var barn, tala eg som eit barn, tenkte eg som eit barn, dømde eg som eit barn; men då eg vart mann, lagde eg av det barnslege.
- 12 For no ser me i ein spegel, i ei gåta, men då skal me sjå åsyn til åsyn; no kjenner eg i stykkjevis, men då skal eg kjenna fullt ut, liksom eg og fullt ut er kjend.
- 13 Men no vert dei verande desse tri: Tru, von, kjærleik, og størst av deim er kjærleiken.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗