고린도전서 11장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 고린도전서 (1 Corinthians) · 34절
- 1 Vert mine etterfylgjarar, liksom eg fylgjer etter Kristus!
- 2 Eg rosar dykk, brør, at de minnest meg i alle ting, og at de held fast på mine fyreskrifter, so som eg gav dykk deim.
- 3 Men eg vil de skal vita, at hovudet for kvar mann er Kristus, og hovudet for kvinna er mannen, og hovudet for Kristus er Gud.
- 4 Kvar mann som bed eller talar profetord og då hev noko på hovudet, han vanærar hovudet sitt.
- 5 Men kvar kvinna som bed eller talar profetord utan hovudbunad, ho vanærar hovudet sitt; for det er eitt og det same som ho var raka.
- 6 For dersom ei kvinna ikkje brukar hovudbunad, so lat henne og klyppa av seg håret; men er det usømelegt for ei kvinna å klyppa eller raka av seg håret, so lat henne bruka hovudbunad!
- 7 For ein mann skal ikkje hava noko på hovudet, då han er Guds bilæte og æra; men kvinna er mannsens æra.
- 8 For mannen er ikkje av kvinna, men kvinna av mannen.
- 9 For mannen vart ikkje heller skapt for kvinna skuld, men kvinna for mannen skuld.
- 10 Difor skal kvinna hava lydskyldnads-merke på hovudet for englarne skuld.
- 11 Men i Herren er korkje kvinna noko framfor mannen eller mannen noko framfor kvinna.
- 12 For liksom kvinna er av mannen, so er og mannen ved kvinna; og alt er av Gud.
- 13 Døm hjå dykk sjølve! Er det sømelegt at ei kvinna bed til Gud utan hovudbunad?
- 14 Lærer ikkje sjølve naturi dykk, at um ein mann let håret veksa langt, er det honom til vanæra,
- 15 men um ei kvinna let håret veksa langt, er det henne til æra? for det lange håret er gjeve henne til sveip.
- 16 Men dersom nokon vil vera trættekjær, so hev ikkje me den sedvane, og ikkje Guds kyrkjelydar heller.
- 17 Men når eg fyreskriv dette, rosar eg ikkje at de kjem saman, ikkje til det betre, men til det verre.
- 18 For fyrst so høyrer eg, at når de kjem saman i kyrkjelyden, so er der usamnad hjå dykk, og eg trur det for ein deil.
- 19 For det lyt vera serflokkar hjå dykk, so dei velrøynde kann verta openberre millom dykk.
- 20 Når de so kjem saman, vert det ikkje Herrens nattverd det et.
- 21 For når de et, so tek kvar fyrst sin eigen mat, og den eine hungrar, men den andre fyller seg.
- 22 Hev de ikkje hus til å eta og drikka i? Eller vanvyrder de Guds kyrkja og vanærar deim som ingen ting hev? Kva skal eg segja dykk? Skal eg rosa dykk? I dette rosar eg dykk ikkje.
- 23 For eg hev fenge frå Herren det som eg og hev yvergjeve dykk, at Herren Jesus, den natti han vart sviken, tok han eit brød,
- 24 og takka og braut det og sagde: «Dette er min likam som er for dykk. Gjer dette til minne um meg!»
- 25 Like eins tok han og kalken etter kveldverden og sagde: «Denne kalk er den nye pakt i mitt blod. So ofte som de drikk av han, so gjer dette til minne um meg!»
- 26 For so ofte som de et dette brødet og drikk denne kalken, so forkynner de Herrens daude, til dess han kjem.
- 27 Difor, den som et brødet og drikk Herrens kalk uverdigt, han vert skuldig i Herrens likam og blod.
- 28 Men kvart menneskje prøve seg sjølv, og so ete han av brødet og drikke av kalken!
- 29 For den som et og drikk, han et og drikk seg sjølv til dom, når han ikkje gjer skil på Herrens likam.
- 30 Difor er det mange veike og sjuke hjå dykk, og mange sovnar av.
- 31 Men dersom me dømde oss sjølve, vart me ikkje dømde.
- 32 Men når me vert dømde, vert me refste av Herren, so me ikkje skal verta fordømde saman med verdi.
- 33 Difor, mine brør, når de kjem saman til å eta, so skift med kvarandre!
- 34 Men dersom nokon hungrar, so ete han heime, so de ikkje skal koma saman til dom. Det andre skal eg fyreskriva når eg kjem.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗