고린도전서 12장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 고린도전서 (1 Corinthians) · 31절 · 대역: King James Version
| 절 | Studentmållagsbibelen frå 1921 | King James Version |
|---|---|---|
| 1 | Men um dei åndelege gåvor vil eg ikkje at de skal vera uvitande, brør! | Now concerning spiritual gifts, brethren, I would not have you ignorant. |
| 2 | De veit at då de var heidningar, let de dykk draga til dei mållause avgudarne, etter som de vart dregne. | Ye know that ye were Gentiles, carried away unto these dumb idols, even as ye were led. |
| 3 | Difor kunngjer eg dykk, at ingen som talar i Guds Ande, segjer: «Forbanna er Jesus,» og ingen kann segja: «Jesus er Herre,» utan i den Heilage Ande. | Wherefore I give you to understand, that no man speaking by the Spirit of God calleth Jesus accursed: and that no man can say that Jesus is the Lord, but by the Holy Ghost. |
| 4 | Det er skil på nådegåvor, men Anden er den same. | Now there are diversities of gifts, but the same Spirit. |
| 5 | Og det er skil på tenestor, men Herren er den same. | And there are differences of administrations, but the same Lord. |
| 6 | Og det er skil på kraftige verknader, men Gud er den same, som verkar alt i alle. | And there are diversities of operations, but it is the same God which worketh all in all. |
| 7 | Men openberringi av Anden fær kvar og ein til det som er gagnlegt. | But the manifestation of the Spirit is given to every man to profit withal. |
| 8 | For ein fær visdoms tale ved Anden, men ein annan kunnskaps tale ved den same Ande; | For to one is given by the Spirit the word of wisdom; to another the word of knowledge by the same Spirit; |
| 9 | ein annan tru ved den same Ande, ein annan nådegåvor til å lækja ved den same Ande; | To another faith by the same Spirit; to another the gifts of healing by the same Spirit; |
| 10 | ein annan kraft til å gjera under, ein annan profetgåva, ein annan gåva til å prøva ånder, ein annan ymse tungor, ein annan tyding av tungor. | To another the working of miracles; to another prophecy; to another discerning of spirits; to another divers kinds of tongues; to another the interpretation of tongues: |
| 11 | Men alt dette verkar ein og den same Ande, som skifter ut til kvar for seg, etter som han vil. | But all these worketh that one and the selfsame Spirit, dividing to every man severally as he will. |
| 12 | For liksom likamen er ein og hev mange lemer, men alle lemerne på likamen er ein likam, endå dei er mange, soleis er det og med Kristus. | For as the body is one, and hath many members, and all the members of that one body, being many, are one body: so also is Christ. |
| 13 | For i ein Ande er me alle døypte til å vera ein likam - anten me er jødar eller grækarar eller trælar eller frie - og alle hev me fenge drikka ein Ande. | For by one Spirit are we all baptized into one body, whether we be Jews or Gentiles, whether we be bond or free; and have been all made to drink into one Spirit. |
| 14 | For likamen er ikkje heller ein lem, men mange. | For the body is not one member, but many. |
| 15 | Um foten vilde segja: «Då eg ikkje er hand, so høyrer eg ikkje med til likamen,» so høyrer han då like fullt med til likamen. | If the foot shall say, Because I am not the hand, I am not of the body; is it therefore not of the body? |
| 16 | Og um øyra vilde segja: «Då eg ikkje er auga, so høyrer eg ikkje med til likamen,» so høyrer det då like fullt med til likamen. | And if the ear shall say, Because I am not the eye, I am not of the body; is it therefore not of the body? |
| 17 | Dersom heile likamen var auga, kvar vart det då av høyrsla? Dersom det heile var høyrsla, kvar vart det då av lukti? | If the whole body were an eye, where were the hearing? If the whole were hearing, where were the smelling? |
| 18 | Men no hev Gud sett lemerne, kvar ein av dei på likamen, so som han vilde. | But now hath God set the members every one of them in the body, as it hath pleased him. |
| 19 | Men dersom dei alle var ein lem, kvar vart det då av likamen? | And if they were all one member, where were the body? |
| 20 | Men no er det mange lemer, men ein likam. | But now are they many members, yet but one body. |
| 21 | Auga kann ikkje segja til handi: «Eg treng ikkje til deg,» eller hovudet til føterne: «Eg treng ikkje til dykk.» | And the eye cannot say unto the hand, I have no need of thee: nor again the head to the feet, I have no need of you. |
| 22 | Men tvert imot: dei lemerne på likamen som synest vera veikast, dei er naudsynlege. | Nay, much more those members of the body, which seem to be more feeble, are necessary: |
| 23 | Og dei lemerne på likamen som syntest oss mindre æra verde, deim klæder me med større æra; og dei lemerne våre som me blygjest ved, deim klæder me med større blygd. | And those members of the body, which we think to be less honourable, upon these we bestow more abundant honour; and our uncomely parts have more abundant comeliness. |
| 24 | Men dei lemerne våre som er oss til sømd, dei treng ikkje til det. Men Gud hev sett likamen soleis saman, at han gav det ringaste størst æra, | For our comely parts have no need: but God hath tempered the body together, having given more abundant honour to that part which lacked: |
| 25 | so det ikkje skal vera tvidrag i likamen, men at lemerne skal hava same umsut for kvarandre. | That there should be no schism in the body; but that the members should have the same care one for another. |
| 26 | Og um ein lem lid, so lid alle lemerne med, eller um ein lem vert heidra, so gled alle lemerne seg med. | And whether one member suffer, all the members suffer with it; or one member be honoured, all the members rejoice with it. |
| 27 | Men de er Kristi likam og lemer, kvar etter sin lut. | Now ye are the body of Christ, and members in particular. |
| 28 | Og Gud sette i kyrkja fyrst nokre til apostlar, for det andre profetar, for det tridje lærarar, so kraftige verk, so nådegåvor til å lækja, til å hjelpa, til å styra, so ymse tungor. | And God hath set some in the church, first apostles, secondarily prophets, thirdly teachers, after that miracles, then gifts of healings, helps, governments, diversities of tongues. |
| 29 | Er vel alle apostlar? Er alle profetar? Er alle lærarar? Gjer alle kraftige verk? | Are all apostles? are all prophets? are all teachers? are all workers of miracles? |
| 30 | Hev alle nådegåvor til lækja? Kann alle tala med tungor? Kann alle tyda deim? | Have all the gifts of healing? do all speak with tongues? do all interpret? |
| 31 | Men streva etter dei største nådegåvor! Og eg skal visa dykk ein endå betre veg. | But covet earnestly the best gifts: and yet shew I unto you a more excellent way. |
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗
King James Version — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: GPL