갈라디아서 5장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 갈라디아서 (Galatians) · 26절
- 1 Til fridom hev Kristus frigjort oss; statt difor faste og lat deim ikkje få dykk inn att under trældoms ok!
- 2 Sjå, eg, Paulus, segjer dykk, at um de let dykk umskjera, so vil Kristus inkje gagna dykk.
- 3 Atter vitnar eg for kvart menneskje som let seg umskjera, at han er skuldig til å halda heile lovi.
- 4 De som vil verta rettferdiggjorde ved lovi, de er skilde frå Kristus, de er falne ut or nåden.
- 5 For i trui ventar me i Anden på det som rettferdi gjev oss von um;
- 6 for i Kristus Jesus gjeld korkje umskjering eller fyrehud noko, men berre tru som er verksam i kjærleik.
- 7 De heldt godt fram; kven hindra dykk frå å lyda sanningi?
- 8 Denne yverteljingi er ikkje frå honom som kalla dykk.
- 9 Ein liten surdeig syrer heile deigen.
- 10 Eg hev den tiltru til dykk i Herren, at de inkje anna vil tenkja. Men den som forviller dykk, han skal få sin dom, kven han so er.
- 11 Men eg, brør, um eg enno forkynner umskjering, kvi vert eg endå forfylgd? då er vel krossens støytestein burtteken.
- 12 Gjev dei måtte skjera seg sjølve sund, dei som eggjar dykk upp!
- 13 For de, brør, er kalla til fridom. Bruk berre ikkje fridomen til høve for kjøtet; men ten kvarandre i kjærleik!
- 14 for heile lovi er uppfyllt i eitt bod, i dette: «Du skal elska næsten din som deg sjølv!»
- 15 Men dersom de bit og et kvarandre, so sjå til at de ikkje et kvarandre upp!
- 16 Men eg segjer: Ferdast i Anden, so skal de ikkje fullføra kjøtsens lyst!
- 17 For kjøtet er huga tvert imot Anden, men Anden imot kjøtet; for desse stend imot kvarandre, so de ikkje skal gjera det som de vil.
- 18 Men dersom de vert drivne av Anden, då er de ikkje under lovi.
- 19 Men kjøtsens gjerningar er openberre, slike som: Utukt, ureinskap, lauslivnad,
- 20 avgudsdyrking, trolldom, fiendskap, kiv, ovund, vreide, stridssykja, tvidrag, sundringar,
- 21 misunning, mord, drykk, svir og meir slikt; um dette segjer eg dykk fyreåt, likesom eg fyrr hev sagt, at dei som fer med slikt, skal ikkje erva Guds rike.
- 22 Men Andens frukt er kjærleik, gleda, fred, langmod, mildskap, godleik, truskap,
- 23 [Stu21: 22] spaklynde, fråhald. [Stu21: 23] Mot slike er ikkje lovi.
- 24 Men dei som høyrer Kristus Jesus til, dei hev krossfest kjøtet med fysnorne og lysterne.
- 25 Liver me i Anden, so lat oss og ferdast i Anden!
- 26 Lat oss ikkje søkja fåfengd æra, so me eggjar kvarandre og ovundar kvarandre!
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗