갈라디아서 4장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 갈라디아서 (Galatians) · 31절
- 1 Men eg segjer: So lenge ervingen er barn, er det ingen skilnad på honom og trælen, endå han er herre yver alt saman;
- 2 men han er under uppsynsmenner og rådsmenner til den tidi faren fyreåt hev fastsett.
- 3 Soleis var me og, so lenge me var born, trælbundne under barnelærdomen til verdi.
- 4 Men då tidi var fullkomi, sende Gud Son sin, fødd av ei kvinna, fødd under lovi,
- 5 so han kunde kjøpa deim frie, som var under lovi, so me kunde få barneretten.
- 6 Men av di de er søner, hev Gud sendt inn i hjarto våre sin sons Ande, som ropar: «Abba, Fader!»
- 7 So er du då ikkje lenger træl, men son. Men er du son, so er du og erving ved Gud.
- 8 Men den tid de ikkje kjende Gud, træla de under dei gudar som i røyndi ikkje er gudar.
- 9 Men no, då de kjenner Gud og - det som meir er - er kjende av Gud, kor kann de då venda atter til den veike og fatige barnelærdomen? Vil de atter å nyo træla under honom?
- 10 De tek vare på dagar og månader og tider og år;
- 11 eg ottast for dykk, at eg kann henda fåfengt hev gjort meg møda med dykk.
- 12 Vert liksom eg, for eg er liksom de; brør! eg bed dykk; de hev ingen urett gjort meg.
- 13 Men de veit at det var på grunn av ei vanhelsa i kjøtet, at eg fyrste gongen kom til å forkynna dykk evangeliet,
- 14 og endå mitt kjøt kunde freista dykk til det, vanvyrde de meg ikkje og støytte meg ikkje burt; men de fagna meg som ein Guds engel, ja, som Kristus Jesus.
- 15 Kor de prisa dykk sæle den gongen! for det vitnar eg um dykk, at um det hadde vore mogelegt, so hadde de rive ut augo dykkar og gjeve meg.
- 16 Og so hev eg vorte dykkar fiende ved å segja dykk sanningi!
- 17 Dei syner ein ihuge for dykk som ikkje er god; men dei vil stengja dykk ute, so de skal vera ihuga for deim.
- 18 Men det er godt å vera ihuga for det gode alltid, og ikkje berre når eg er hjå dykk.
- 19 Mine born, som eg atter føder med sår verk, til dess Kristus fær skapnad i dykk!
- 20 Eg skulde ynskja eg var hjå dykk no og kunde brigda mi røyst; for eg er i vanråd med dykk.
- 21 Seg meg, de som vil vera under lovi, høyrer de ikkje lovi?
- 22 For det stend skrive at Abraham hadde tvo søner, ein med trælkvinna og ein med den frie kvinna.
- 23 Men son åt trælkvinna er fødd etter kjøtet, men son åt den frie kvinna etter lovnaden.
- 24 I dette ligg det ei djupare meining under; for desse kvinnorne er tvo pakter: den eine frå Sinaifjellet, som føder til trældom, dette er Hagar;
- 25 for «Hagar» er Sinaifjellet i Arabia og svarar til det Jerusalem som no er; for det er i trældom med borni sine.
- 26 Men det Jerusalem som er der uppe, er fritt, og det er mor vår.
- 27 For det stend skrive: «Ver glad, du barnlause, som ikkje føder; kved i og ropa, du som ikkje hev barnerider! for borni hennar som er einsleg, er mange fleire enn hennar som hev mannen.»
- 28 Men me, brør, er born etter lovnaden, liksom Isak.
- 29 Men liksom den gongen han som var fødd etter kjøtet, forfylgde honom som var fødd etter åndi, soleis er det no og.
- 30 Men kva segjer Skrifti? «Driv ut trælkvinna og son hennar; for son åt trælkvinna skal slett ikkje taka arv med son åt den frie kvinna.»
- 31 So er me då, brør, ikkje born åt trælkvinna, men åt den frie kvinna.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗