갈라디아서 6장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 갈라디아서 (Galatians) · 18절
- 1 Brør! um og eit menneskje vert fanga av nokor synd, so må de som er åndelege, retta på honom med spaklyndes ånd; men sjå deg sjølv fyre, at ikkje du og skal vert freista!
- 2 Ber byrderne for kvarandre, og uppfyll soleis Kristi lov!
- 3 For dersom nokon tykkjest vera noko og er då ingen ting, so dårar han seg sjølv.
- 4 Men kvar skal prøva si eigi gjerning, og so skal han hava ros etter det han sjølv er, og ikkje etter likning med den andre;
- 5 for kvar skal bera si eigi byrd.
- 6 Den som vert upplærd i ordet, skal gjeva den som lærer honom alt godt saman med seg!
- 7 Far ikkje vilt! Gud let seg ikkje spotta; for det som eit menneskje sår; det skal han og hausta.
- 8 For den som sår i sitt kjød, skal hausta tjon av kjøtet; men den som sår i Anden, han skal hausta ævelegt liv av Anden.
- 9 Men lat oss ikkje verta trøytte av å gjera det gode! for i si tid skal me hausta, berre me ikkje trøytnar.
- 10 Lat oss då, medan me hev høve til det, gjera det gode mot alle, men mest mot brørne i trui!
- 11 Sjå kor store bokstavar eg skriv med til dykk med mi eigi hand!
- 12 So mange som vil synast gode etter kjøtet, dei nøyder dykk til å verta umskorne, berre for di at dei ikkje skal verta forfylgde for Kristi kross.
- 13 For ikkje ein gong dei som vert umskorne, held lovi sjølve; men dei vil at de skal verta umskorne, so dei kann rosa seg av dykkar kjøt.
- 14 Men det vere langt ifrå meg å rosa meg av anna enn av vår Herre Jesu Kristi kross; for honom er verdi krossfest for meg, og eg for verdi.
- 15 For korkje umskjering eller fyrehud er noko, men berre ein ny skapning.
- 16 Og so mange som gjeng fram etter denne rettesnor, fred og miskunn vere yver deim og yver Guds Israel!
- 17 Heretter må ingen gjera meg bry! for eg ber Jesu merke på min likam.
- 18 Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykkar ånd, brør! Amen.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗