히브리서 8장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 히브리서 (Hebrews) · 13절
- 1 Men ei hovudsak i det som her vert sagt, er: Me hev ein sovoren øvsteprest som hev sett seg ved høgre sida åt kongsstolen til Majestæten i himlarne,
- 2 med presteleg tenesta i heilagdomen, det sanne tjeldet, som Herren hev reist og ikkje eit menneskje.
- 3 For kvar ein øvsteprest vert innsett til å bera fram både gåvor og slagtoffer; difor er det naudsynlegt at denne og hev noko som han kann bera fram.
- 4 For var han no på jordi, so var han ikkje ein gong prest; for det finst prestar som ber fram gåvorne etter lovi,
- 5 dei som tener ei likning og ein skugge av det himmelske, etter den fyreskrift Moses fekk då han skulde laga tjeldet; for han segjer: «Sjå til at du fær gjort alt etter det fyrebilætet som vart synt deg på fjellet!»
- 6 Men no hev han fenge so mykje betre prestetenesta, som det og er ei hævare pakt han er millommann for, med di ho er grunnlagd på hævare lovnader.
- 7 For hadde den fyrste vore ulastande, so var det ikkje søkt rom åt ei onnor.
- 8 For det er lastord han talar til deim når han segjer: «Sjå, det kjem dagar, segjer Herren, då eg vil gjera ei ny pakt med Israels hus og Judas hus,
- 9 ikkje etter den pakti som eg gjorde med federne deira den dagen då eg tok deim i handi og leide deim ut or Egyptarland; for dei vart ikkje standande i mi pakt, og so brydde eg meg ikkje um deim, segjer Herren.
- 10 For dette er den pakti som eg vil gjera med Israels hus etter dei dagarne, segjer Herren: Eg vil gjeva loverne mine i hugen deira og skriva deim inn i hjarto deira, og eg vil vera deira Gud, og dei skal vera mitt folk,
- 11 og dei skal ikkje læra kvar sin landsmann og kvar sin bror og segja: «Kjenn Herren!» for dei skal alle saman kjenna meg, frå den minste til den største av deim.
- 12 For eg vil vera nådig mot misgjerderne deira, og synderne deira vil eg ikkje lenger koma i hug.»
- 13 Med di han segjer: «ei ny», hev han dømt den fyrste som gamall; men det som vert gamalt og foraldra, er nær ved å kverva burt.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗