히브리서 7장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 히브리서 (Hebrews) · 28절
- 1 For denne Melkisedek, konge i Salem og den høgste Guds prest, han som gjekk Abraham til møtes då han kom att frå sin siger yver kongarne, og som velsigna honom,
- 2 som Abraham og gav tiend av alt; han som er, når hans namn vert utlagt, fyrst rettferds konge, dinæst og Salems konge, det er freds konge,
- 3 som er utan far, utan mor, utan ættartal, og som korkje hev dagars byrjing eller livs ende, men er gjord lik med Guds son: han vert prest for alltid.
- 4 Og sjå kor stor han er, som Abraham, patriarken, endå gav tiend av herfanget!
- 5 Og dei av Levi søner som fær prestedømet, hev påbod um å taka tiend etter lovi av folket, det er av sine brør, endå desse er komne or Abrahams lend.
- 6 Men denne, som ikkje reknar si ætt frå deim, han tok tiend av Abraham og velsigna den som hadde lovnaderne.
- 7 Men utan all motsegn er det den ringare som vert velsigna av den høgre.
- 8 Og her er det døyelege menneskje som tek tiend, men der ein som det vert vitna um at han liver.
- 9 Og um eg so må segja: Gjenom Abraham hev endå Levi, som tek tiend, sjølv gjeve tiend;
- 10 for han var endå i sin fars lend då Melkisedek gjekk honom til møtes.
- 11 Var det då fullkomenskap å vinna ved det levitiske prestedømet - for det var folket bunde til ved lovi - kvi turvest det då at ein annan prest skulde verta uppstelt etter Melkisedeks vis og ikkje verta nemnd etter Arons vis?
- 12 For når prestedømet vert umskift, vert det naudsynleg og eit umskifte med lovi.
- 13 For han som dette vert sagt um, høyrde til ei onnor ætt, og ingen av henne hev tent for altaret.
- 14 Det er kjent nok at vår Herre er upprunnen av Juda, og til den ætti hev ikkje Moses tala noko um prestar.
- 15 Og det er endå meir openbert, når ein annan prest vert uppstelt i likning med Melkisedek,
- 16 ein som ikkje hev vorte det etter eit kjøtlegt bods lov, men etter eit uforgjengelegt livs kraft.
- 17 For han vitnar: «Du er prest til æveleg tid etter Melkisedeks vis.»
- 18 For eit bod som fyrr galdt, vert avlyst, av di det var magtlaust og gagnlaust
- 19 - for lovi førde ingen ting fram til fullkomenskap - og ei betre von vert innførd, som me nærmar oss til Gud med.
- 20 Og so visst som det ikkje vart gjort utan eid
- 21 - for hine hev vorte prestar utan eid, men denne med eid ved den som segjer til honom: «Herren hev svore, og han skal ikkje angra det: «Du er prest til æveleg tid etter Melkisedeks vis»» -
- 22 so visst er det ei hævare pakt som Jesus hev vorte borgsmann for.
- 23 Og hine prestarne hev vore fleire, då dei ved dauden vart hindra i å halda ved.
- 24 Men denne hev eit uforgjengelegt prestedøme, av di han vert verande til æveleg tid.
- 25 Difor kann han og fullkomleg frelsa deim som kjem til Gud ved honom, med di han liver alltid til å ganga i bøn for deim.
- 26 For me laut og hava ein sovoren øvsteprest som er heilag, uskuldig, rein, skild frå syndarar og upphøgd yver himlarne,
- 27 ein som ikkje dagleg treng til, som øvsteprestarne, å bera fram offer fyrst for sine eigne synder og so for synderne åt folket; for det gjorde han ein gong for alle då han ofra seg sjølv.
- 28 For lovi set til øvsteprestar menneskje som hev vesaldom; men den eids ord som kom etter lovi, set Sonen inn, han som er fullenda for all æva.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗