창세기 50장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 창세기 (Genesis) · 26절
- 1 Og Josef lutte seg ned yver andlitet åt far sin, og gret uppyver honom og kysste honom.
- 2 Og Josef bad lækjarane som han hadde i si tenesta, at dei skulde salva liket åt far hans. So salva dei liket åt Israel.
- 3 Og det gjekk fyrti dagar med til det; for so lang tid tek det å salva eit lik. Og egyptarane gret yver honom i sytti dagar.
- 4 Då syrgjedagarne etter honom var utlidne, tala Josef til hirdi åt Farao og sagde: «Hev de aldri so lite godvilje for meg, so gjer vel og ber fram desse ordi mine til Farao og seg:
- 5 «Far min tok ein eid av meg og sagde: «No lyt eg døy! I grefti mi, som eg let grava åt meg i Kana’ans-landet, der skal du jorda meg!» Lat meg difor fara upp og jorda far min og so koma hit att!»»
- 6 Og Farao sagde: «Far du upp, og jorda far din, som du hev lova honom!»
- 7 So for Josef upp og skulde jorda far sin, og med honom for alle mennerne åt Farao, dei høgste i hirdi hans og alle dei øvste i Egyptarlandet,
- 8 og heile huset hans Josef, og brørne hans og husfolket åt far hans. Berre småborni sine og sauerne og nauti sine let dei vera att i Gosenlandet.
- 9 Og det fylgde honom både vogner og hestfolk, so det vart ei drusteleg ferd.
- 10 Då dei kom til Goren-Ha’atad, som er på hi sida åt Jordan, heldt dei ei stor og ovende vyrdeleg syrgjehøgtid, og han gjorde likferd etter far sin i sju dagar.
- 11 Og då kananitarne, som budde der i landet, såg likferdi i Goren-Ha’atad, sagde dei: «Det er ei drusteleg likferd egyptarane held der!» Difor kallar dei den staden Egyptarvollen. Han er på hi sida åt Jordan.
- 12 So gjorde sønerne hans so med honom som han hadde sagt deim fyre.
- 13 Og dei førde honom til Kana’ans-landet, og jorda honom i helleren på Makpelagjordet, det gjordet som Abraham hadde kjøpt av Hets-sønerne til eigande gravstad, austanfor Mamre.
- 14 Og då Josef hadde jorda far sin, for han attende til Egyptarland, både han og brørne hans og alle dei som hadde vore med honom upp og jorda far hans.
- 15 Då brørne åt Josef såg at far deira var burte, sagde dei: «Berre ikkje Josef kjem til å sitja etter oss gjera oss like for alt det vonde me gjorde mot honom!»
- 16 So sende dei bod til Josef og sagde: «Far din bad oss, fyrr han døydde, at me skulde bera fram dette bodet til deg:
- 17 «So skal de segja med Josef,» sagde han: «Å kjære, gode deg, gløym det brotet og den syndi brørne dine gjorde, då dei for so stygt med deg!» So gløym no brotet vårt; me tener då og same Gud som far din!» Og Josef gret, då dei tala so til honom.
- 18 So kom brørne hans sjølve og kasta seg å gruve for honom og sagde: «Sjå her kjem me og vil vera tenarane dine!»
- 19 Då sagde Josef: «Ver ikkje rædde! Er då eg i staden åt Guds?
- 20 De tenkte å gjera meg vondt, men Gud tenkte det til det gode, av di han vilde gjera som han no hev gjort, og berga livet åt mykje folk.
- 21 So ver no ikkje rædde! Eg skal syta for dykk og for borni dykkar.» Og han hugga deim og tala blidt til deim.
- 22 Josef vart buande i Egyptarland, både han og farsfolket hans. Og Josef livde hundrad og ti år.
- 23 Og Josef fekk sjå barneborn åt Efraim, og borni åt Makir, son hans Manasse, fekk han og taka i fanget.
- 24 Og Josef sagde med brørne sine: «No lyt eg døy. Men Gud skal lydast til dykk og fylgja dykk upp or dette landet til det landet som han hev lova Abraham og Isak og Jakob.»
- 25 Og Josef tok ein eid av Israels-sønerne, og sagde: «Når Gud kjem og hentar dykk, då skal de taka beini mine med her ifrå.»
- 26 Og Josef døydde, då han var hundrad og ti år gamall, og dei salva liket hans, og lagde det i kista i Egyptarland.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗