출애굽기 1장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 출애굽기 (Exodus) · 22절
- 1 No skal de få høyra namni på Israels-sønerne som kom til Egyptarland; med Jakob kom dei, kvar med sin huslyd:
- 2 Ruben og Simeon og Levi og Juda,
- 3 Issakar og Sebulon og Benjamin,
- 4 Dan, Naftali, Gad og Asser.
- 5 Med alle i hop var det sytti mann som var ætta frå Jakob; Josef han var no alt i Egyptarland.
- 6 Og Josef døydde, og alle brørne hans, og heile den ætti.
- 7 Men Israels-folket muna og voks og auka og vart uhorveleg mannsterke, so dei fyllte heile landet.
- 8 Då kom det ein ny konge i Egyptarland, som ikkje visste noko um Josef.
- 9 Og han sagde med folki sine: «Sjå, Israels-lyden er større og sterkare enn me.
- 10 Lat oss no fara klokt fram, so dei ikkje skal aukast so mykje! For kjem det ufred, so kunde dei gjerne slå seg i hop med uvenerne våre, og strida mot oss, og fara or landet!»
- 11 So sette dei futar yver deim, som skulde plåga deim med tungarbeid, og dei laut byggja tvo byar med varehus for Farao; det var Pitom og Ramses.
- 12 Men di meir dei plåga deim, di meir auka dei, og di meir breidde dei seg ut, og egyptarane tok til å fæla for Israels-folket.
- 13 Soleis nøydde dei no Israels-folket til å træla for seg,
- 14 og gjorde livet surt for deim med hardt arbeid i leirtaki og tiglverki og med allslags jordarbeid: alt arbeidet dei vilde ha gjort, det truga dei deim til å gjera.
- 15 Og kongen i Egyptarland sagde til dei hebraiske ljosmøderne - den eine av dei heitte Sifra og den andre Pua -:
- 16 «Kvar gong de hjelper ei hebraisk barnsengkona,» sagde han, «so skal de sjå i fødestolen: Er det son ho hev fenge, so drep honom! er det dotter, so må ho liva.»
- 17 Men ljosmøderne hadde age for Gud, og gjorde ikkje som kongen i Egyptarland sagde, men let småsveinarne liva.
- 18 Då kalla kongen ljosmøderne fyre seg, og sagde med deim: «Kvi gjer de dette og let sveinborni liva?»
- 19 «Dei hebraiske konorne er ikkje som dei egyptiske,» svara ljosmøderne; «dei er sterkare; innan ljosmori kjem, hev dei fenge barnet.»
- 20 Då gjorde Gud vel imot ljosmøderne; og folket auka, og vart ovleg mangment.
- 21 Og for di ljosmøderne hadde age for Gud, so gav han deim ætt og avkjøme.
- 22 Men Farao sende bod utyver til heile folket sitt og sagde: «Kvar son som kjem til verdi, skal de kasta i elvi; berre døtterne skal de lata liva!»
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗