창세기 49장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 창세기 (Genesis) · 33절
- 1 Og Jakob kalla kring seg sønerne sine og sagde: «Samla dykk saman, so skal eg varsla korleis det skal ganga dykk langt fram i tiderne:
- 2 Kom i hop og høyr, de søner åt Jakob, kom og høyr på Israel, dykkar far!
- 3 Ruben, min eldste er du, blom av mi magt og min manndom, høgst i vyrdnad og størst i velde.
- 4 Sjodande vilt som vatnet, dkal du ingen fyremun få; for i kvila åt far din du for! Kor vanærlegt! Han låg i mi lega.
- 5 Sambrøder er Simeon og Levi, valdsvåpen er deira verja.
- 6 Søk ei deira samråd, mi sål, sky deira sellskap, mitt hjarta! For i harm slo dei menner i hel, og sjølvvilje skamskar dei uksar.
- 7 Forbanna ein ofse so strid, ei illska som deira so arg! Eg skal sprengja deim sund kring i Jakob, eg skal spreida deim utyver Israel.
- 8 Juda, deg lovar lydt dine brøder, handi di fatar din fiend i nakken, søkern’ åt far din fell deg til fota.
- 9 Ein løveunge er Juda! Frå herjing kjem sonen min heim: Som ei løvemor legg han seg ned, kven vågar av kvildi han vekkja?
- 10 Ikkje skal kongespir kverva frå Juda ell’ styrarstaven ifrå han stol, fyrr Fredsdrotten kjem, han som folki mun fylgja.
- 11 I vingarden bind han sin gangar, sin fole i soldruvegrein; i vin sin klædnad han vaskar, i druveblod tvær han sin kjol’,
- 12 med augo døkke av vin, med tenner kvite av mjølk.
- 13 Sebulon utmed sjøstrandi bur, utmed strandi, der skutorne lender. Og Sidon hev han med sida.
- 14 Issakar, det sterkbygde asnet, på kvii ligg han og kviler.
- 15 Og han tykte kvildi var god, og at landet var fagert og fint, so bøygde han rygg under byrdi, og vart slik ein trugen træl.
- 16 Dan, han skal døma sitt folk som dei andre Israels ætter.
- 17 Dan verte ein hoggorm på vegen, ein eiterorm innmed stigen, som hesten i hælarne høgg, so ridaren ryk på rygg.
- 18 På hjelpi di biar eg, Herre!
- 19 På Gad mun ransmenner renna, men han renner etter deim radt.
- 20 Feit er føda hans Asser, forkunnmat sender han kongar.
- 21 Naftali er ei spelande hind, og ordi hans leikar so linne.
- 22 Josef er eit aldetre ungt, eit aldetre ungt innmed kjelda; yver muren skyt greinerne upp.
- 23 Med pileskot dei han eggjar og søkjer, dei skyttararn’ mange;
- 24 Men han stend med sin boge so stødt, og røyver armarne raust: Hjelp fær han hjå kjempa åt Jakob, der! - hjå hyrdingen, Israels berg,
- 25 Hjå Gud åt far din, han vare deg! Hjå den Velduge, han velsigne deg med velsigning or himmelen høge, med velsigning or djupet som ligg under jordi, med velsigning i brjost og i liv!
- 26 Far din’s velsigning rakk yver dei eld’-gamle ovgilde fjelli, til ævordoms herlege høgder: På Josefs hovud ho kome, ho kome på kruna åt han, som er hovdingen for sine brøder!
- 27 Benjamin er ein ulv som riv sund; um morgonen et han upp ranet, til kvelds han skifter ut herfang.»
- 28 Dette var alle Israels-ætterne, tolv i talet, og soleis var det far deira tala til deim: Han velsigna deim, og kvar av deim fekk si eigi velsigning, som høvde åt honom.
- 29 Og han bad deim og sagde til deim: «No gjeng eg til folket mitt! Jorda meg då hjå federne mine, i den helleren som er på gjordet åt Efron, hetiten,
- 30 i den helleren som er på Makpelagjordet, austanfor Mamre i Kana’ans-landet, det gjordet som Abraham kjøpte av Efron, hetiten, til eigande gravstad.
- 31 Der jorda dei Abraham og Sara, kona hans, og der jorda dei Isak og Rebekka, kona hans, og der jorda eg Lea,
- 32 på det gjordet og i den helleren der, som var kjøpt av Hets-sønerne.»
- 33 Då Jakob var ferdig med dei fyresegnerne han hadde å gjeva sønerne sine, drog han føterne upp i sengi. Og han sålast og kom til federne sine.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗