잠언 9장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 잠언 (Proverbs) · 18절
- 1 Visdomsmøyi hev bygt seg hus, hev hogge til sine stolpar sju.
- 2 Ho hev slagta sitt slagt og blanda sin vin og attåt duka sitt bord.
- 3 Sine ternor hev ho sendt ut, og ropar ovan frå haugarne i byen:
- 4 «Den som er fåkunnig, vende seg hit!» Til den vitlause segjer ho:
- 5 «Kom, og et av mitt brød og drikk av den vin eg hev blanda!»
- 6 Lat fåkunna fara so de kann liva og vandra på vegen til vit!
- 7 Den som refser ein spottar, fær skam yver seg, den som lastar ein gudlaus, fær seg ein flekk.
- 8 Lasta ’kje spottaren, han vil hata deg! Lasta den vise, han vil elska deg!
- 9 Gjev ein vismann, so aukar hans visdom, lær ein rettferdig, so lærar han meir.
- 10 Otte for Herren er upphav til visdom, og vit er å kjenna den Heilage.
- 11 «For ved meg dine dagar skal aukast, og fleire livs-år fær du.»
- 12 Er du vis, so gagnar det deg sjølv, spottar du, so lyt du bera det åleine.
- 13 Fru dårskap fer med ståk, fåkunnig som ho er og ingen ting veit.
- 14 Ho sit attmed husdøri si, på ein stol høgt uppe i byen,
- 15 og bed inn dei som ferdast på vegen, som gjeng sine stigar beint fram:
- 16 «Den som er fåkunnig, vende seg hit!» Ja, til den vitlause segjer ho:
- 17 «Stole vatn er søtt, og ljuvlegt er løyn-ete brød.»
- 18 Og han veit ’kje at der bur daudingar, at hennar gjester er i helheims djup.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗