잠언 8장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 잠언 (Proverbs) · 36절
- 1 Høyr kor visdomsmøyi ropar, og vitet høgmælt talar!
- 2 Uppe på haugar ved vegen, der stigarne møtest, stend ho,
- 3 attmed portarne ut or byen, ved døra-inngangen ropar ho høgt:
- 4 «Godtfolk, eg ropar på dykk, og til mannsborni ljomar mi røyst.
- 5 Fåkunnige, lær dykk klokskap, og de dårar, vinn dykk vit!
- 6 Høyr, eg talar gjæve ord, og ærlegt er det som lipporne segjer;
- 7 ja, sanning talar min gom, og lipporne styggjest ved gudløysa.
- 8 Alle ord i min munn er rette, det finst ikkje fult eller falskt i deim.
- 9 Dei er alle sanne for den kloke og rette for deim som fann kunnskap.
- 10 Tak då min age heller enn sylv og kunnskap framfyre utvalt gull!
- 11 For visdom er betre enn perlor, og av alle skattar er ingen som denne.
- 12 Eg, visdomen, skyner meg på klokskap, og vit på rådleggjing hev eg.
- 13 Otte for Herren er hat til det vonde; stormod og storlæte, åtferd stygg, og ein munn full av fals eg hatar.
- 14 Hjå meg er råd og dug, eg er vit, hjå meg er magt.
- 15 Eg gjer at kongar råder, og at hovdingar dømer rett.
- 16 Eg gjer at styrarar styrer og fyrstar - alle domarar på jordi.
- 17 Eg elskar deim som meg elskar, og dei som leitar meg upp, skal meg finna.
- 18 Rikdom og æra er hjå meg, gamalt gods og rettferd.
- 19 Mi frukt er betre enn gull, ja skiraste gullet, og den vinning eg gjev, er betre enn utvalt sylv.
- 20 Eg gjeng på rettferds veg, midt på rettvise-stigar,
- 21 For eg vil gjeva gods åt deim som elskar meg og fylla deira forråd.
- 22 Herren skapte meg til fyrste verket sitt, fordom fyrr han gjorde noko anna.
- 23 Alt frå æva er eg innsett, frå upphavet, fyrr jordi vart til.
- 24 Fyrr djupi var til, vart eg fødd, då det ei fanst kjeldor fulle med vatn,
- 25 fyrr fjelli var søkkte ned, fyre haugar vart eg fødd,
- 26 fyrr han skapte jord og mark og den fyrste moldklump i verdi.
- 27 Då han laga himmelen, var eg der, då han slo kvelv yver djupet.
- 28 Då han feste skyerne i det høge, då kjeldorne fossa fram or djupet,
- 29 då han sette grensa for havet, so vatnet ei gjekk lenger enn han baud, då han la grunnvollar for jordi,
- 30 då var eg verksmeister hjå han og var til hugnad for han dag etter dag, eg leika meg stødt for hans åsyn.
- 31 Eg leika på heile jordkringen hans og hadde min hugnad i manneborni.
- 32 Og no, born, høyr på meg! Sæle er dei som held mine vegar.
- 33 Høyr på tukt og vert vise, og slepp ho ikkje ifrå dykk!
- 34 Sæl den mann som høyrer på meg, so han dagstødt vaker ved dørerne mine og vaktar dørstokkarne mine.
- 35 For den som finn meg, finn livet og fær velsigning frå Herren.
- 36 Men den som missar meg, skader seg sjølv, og alle som hatar meg, elskar dauden.»
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗