잠언 10장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 잠언 (Proverbs) · 32절
- 1 Ordtøke av Salomo. Ein vis son er til gleda for far sin, men ein dårleg son er mor si til sorg.
- 2 Ragn-fegne skattar gagnar inkje, men rettferd frelser frå dauden.
- 3 Herren let ikkje rettferdig mann hungra, men giren hjå gudlause viser han burt.
- 4 Lat-hand skaper armod, men strevsam hand gjer rik.
- 5 Ein klok son sankar um sumaren, ein skjemdar-son søv um hausten.
- 6 Velsigningar kjem yver hovudet på den rettferdige, men munnen åt dei gudlause gøymer vald.
- 7 Minnet um den rettferdige ert til velsigning, men namnet åt dei gudlause morknar.
- 8 Den vise tek imot påbod, men gapen gjeng til grunns,
- 9 den som ferdast i uskyld, ferdast trygt, men den som gjeng krokvegar, skal verta kjend.
- 10 Den som blinkar med auga, valdar vondt, men gapkjeften gjeng til grunns.
- 11 Rettferdig manns munn er ei livsens kjelda, men munnen åt gudlause gøymar vald.
- 12 Hat yppar trætta, men kjærleik breider yver alle brot.
- 13 På vitug manns lippor er visdom å finna, men riset høver åt ryggen på dåren.
- 14 Dei vise gøymer kunnskapen sin, men or narremunn kann ein venta fåre.
- 15 Rikmanns eiga er hans faste by; fatigfolks ulukka er deira armod.
- 16 Det den rettferdige tener, gjeng til liv, det den gudlause vinn, gjeng til synd.
- 17 Den som på tukt tek vare, gjeng til livet, men den fer vilt som ikkje agtar age.
- 18 Den som løyner hat, hev ljugarlippor, og den som breider ut baktale, er ein dåre.
- 19 Der d’er mange ord, vil synd ikkje vanta, men den som set lås for lipporn’, er klok.
- 20 Rettferdig manns tunga er utvalt sylv, men gudløysings vit er lite verdt.
- 21 Rettferdig manns lippor læskar mange, men dårarne døyr for dei vantar vit.
- 22 D’er Herrens velsigning som gjer rik, og eige stræv legg inkje til.
- 23 Dåren finn moro i skjemdarverk, men den vituge mannen i visdom.
- 24 Det den ugudlege gruar for, kjem yver han, og det rettferdige ynskjer, vert deim gjeve.
- 25 Der stormen hev fare, er den gudlause burte, men den rettvise stend på æveleg grunn.
- 26 Som edik er for tennerne og røyk for augo, so er letingen for den som sender han.
- 27 Otte for Herren lengjer livet, men gudløysings år vert stytte.
- 28 Rettferdige kann venta gleda, men voni åt gudlause vert til inkjes.
- 29 Herrens veg er vern for den skuldfri, men øydeleggjing for illgjerningsmenner.
- 30 Rettferdig mann skal aldri rikkast, men gudlause skal ei få bu i landet.
- 31 Rettferdig manns munn ber visdoms frukt, men avskori vert den falske tunga.
- 32 Rettferdig manns lippor søkjer hugnad, men munnen på gudlause berre fals.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗