잠언 7장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 잠언 (Proverbs) · 27절
- 1 Son min, tak vare på ordi mine, og gøym mine bodord hjå deg!
- 2 Tak vare på bodordi mine, so skal du liva, og på læra mi som din augnestein!
- 3 Bitt deim på fingrarne dine, skriv deim på hjartetavla!
- 4 Seg til visdomen: «Du er mi syster», og kalla vitet din ven,
- 5 so dei kann deg vara frå annanmanns kona, frå ei framand kvinna med sleipe ord.
- 6 For gjenom vindauga mitt, gjenom rimarne glytte eg ut.
- 7 Då såg eg millom dei fåkunnige, eg gådde ein uviting millom dei unge,
- 8 som smaug um hyrna på gata, tok vegen til hennar hus,
- 9 i skumings-stundi, mot kvelden, i kolmyrke svarte natti.
- 10 Då kom kvinna imot han i skjøkjebunad og innful i hjarta -
- 11 bråkande er ho og vill, heime hev ho ’kje ro.
- 12 Snart på gata, snart på torgi, med kvart hyrna stend ho på lur -
- 13 Ho tok fat på han og kysste han, og med ubljug uppsyn sagde ho til han:
- 14 «Eg hev på meg eit gilde-offer, og eg held min lovnad i dag.
- 15 Difor gjekk eg ut imot deg, vilde leita deg upp, og eg fann deg.
- 16 Mi seng hev eg reidt med tæpe, med egyptiske roselakan.
- 17 Eg hev skvett utyver mi lega myrra, aloe og kanel.
- 18 Kom til ein kjærleiks rus alt til morgons, lat oss hyggja oss saman i elskhug!
- 19 For mannen er ikkje heime, han er på ferd langt burte,
- 20 pengepungen tok han med seg, ved fullmånetid kjem han heim.»
- 21 Ho fekk lokka han med all si sterke fyreteljing, forførde han med sine sleipe lippor.
- 22 Han fylgjer henne straks, som ein ukse gjeng til slagt, som i fotjarn til tukt for dåren,
- 23 til dess pili kløyver hans livr, som fuglen skundar til snara og veit ikkje at det gjeld livet.
- 24 Og no, søner, høyr på meg, og lyd på det munnen min talar!
- 25 Ei vende du hjarta til hennar vegar, vimra ikkje på hennar stigar!
- 26 For mange med ulivssår hev ho felt, og stort er talet på deim ho hev drepe.
- 27 Hennar hus er vegar til helheim, dei gjeng ned til daudens kot.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗