잠언 6장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 잠언 (Proverbs) · 35절
- 1 Hev du borga for grannen din, son min, hev du handtekest for ein annan,
- 2 er du bunden ved ord av din munn, er du fanga i ord av din munn,
- 3 gjer då soleis, son min, og berga deg, sidan du er komen i handi på grannen: Gakk og kasta deg ned for grannen, gjer ågang på han,
- 4 unn ikkje dine augo svevn, eller augneloki ein blund.
- 5 Frels deg som ei gasella or handi hans, som ein fugl or fangarvald!
- 6 Gakk til mauren, du leting, sjå hans ferd og vert vis!
- 7 Han hev ingen hovding eller fut eller herre,
- 8 men lagar um sumaren maten sin til og hev um hausten sanka si føda.
- 9 Kor lenge vil du liggja, du leting? Når ris du upp or di svevn?
- 10 Endå litt svevn, endå litt blunding, endå litt kvild med henderne i kross,
- 11 so kjem armodi di som ein farande fant og naudi som skjoldvæpna mann.
- 12 Ugagns menneskje, illgjerningsmann, er den som gjeng og rengjer munnen,
- 13 som blinkar med augo, skrapar med foten, peikar med fingrarne,
- 14 med meinspel i hjarta, alltid emnar på ilt, og yppar trættor.
- 15 Difor kjem hans undergang brått, snøgt vert han ulækjande krasa.
- 16 Det er seks ting som Herrens hatar, og sju er ei gru for hans sjæl:
- 17 Storlåtne augo, ljugartunga, hender som renner ut skuldlaust blod,
- 18 hjarta som tenkjer upp vonde råder, føter som renner rapt til vondt,
- 19 den som lyg og vitnar falskt, den som yppar strid millom brør.
- 20 Son min, tak vare på bodet åt far din, og kasta ’kje frå deg læra åt mor di!
- 21 Bitt deim alltid til hjarta ditt, knyt deim um halsen din!
- 22 Når du gjeng, skal læra leida deg; når du ligg, skal ho vaka yver deg; når du vaknar, skal ho tala til deg.
- 23 For bodet er ei lykt og lovi er ljos, og påminning med tukt er livsens veg.
- 24 Dei kann vara deg frå den vonde kvinna, frå den sleipe framande tunga.
- 25 Ikkje trå i hjarta etter vænleiken hennar, og lat ho ’kje fanga deg med augneloki sine!
- 26 For skjøkja armar ut til siste brødbit, og gifte kona jagtar etter dyre livet.
- 27 Kann nokon taka eld i fanget og ikkje brenna klædi sine?
- 28 Ell’ kann ein gå på gløder og ikkje svida føterne?
- 29 So vert det med den som gjeng inn til kona åt grannen; ingen kjem urefst frå det, um han rører henne.
- 30 Vert ikkje tjuven vanvyrd, um han stel og vil stilla sin svolt?
- 31 Vert han teken, lyt han sjufaldt betala, alt han eig i sitt hus, lyt han gjeva.
- 32 Den som driv hor med ei kona, er vitlaus, den som vil tyna seg sjølv, gjer slikt.
- 33 Hogg og skjemsla fær han, og ingen utslettar hans skam.
- 34 For mannen harmast i åbryskap, på hemnsdagen sparer han ikkje.
- 35 Han bryr seg ikkje um nokor bot og tek ’kje imot um du gjev han mykje.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗