잠언 5장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 잠언 (Proverbs) · 23절
- 1 Son min, gjev agt på min visdom, lut øyra ned til mitt vit!
- 2 So du kann halda deg gløggtenkt, og lipporne gøyma på kunnskap.
- 3 For honning dryp av skjøkjelippor, og hennar gom er sleipar’ enn olje,
- 4 men til slutt er ho beisk som malurt, kvass som eit tvieggja sverd.
- 5 Hennar føter stig ned til dauden, hennar fet fører radt til helheims.
- 6 Ho gjeng ikkje livsens stig, gålaus vinglar ho vegvill.
- 7 Og no, søner, høyr på meg, og vik ikkje frå det munnen min mæler!
- 8 Lat din veg vera langt frå henne, kom ’kje nær til husdøri hennar!
- 9 Annars gjev du din vænleik til andre, åt ein hardstyrar åri dine.
- 10 Av di eiga vil framande mettast, det du samla med stræv, kjem i annanmanns hus,
- 11 so du lyt stynja til slutt når ditt hold og kjøt er upptært,
- 12 og segja: «Kor kunde eg hata tukt, og hjarta mitt vanvyrda age?
- 13 Kvi høyrde eg ikkje på meistrarne mine, og lydde på deim som lærde meg?
- 14 Nær var eg komen ille i det midt i mengdi som sat til tings.»
- 15 Drikk or din eigen brunn, det som renn or di eigi kjelda!
- 16 Skulde kjeldorne dine renna på gata, vatsbekkjerne dine ute på torgi?
- 17 Lat deim vera berre for deg, og ikkje for framande med deg!
- 18 Kjelda di vere velsigna, gled du deg i din ungdoms viv.
- 19 Elskhugs-hindi, ynde-gasella - barmen hennar alltid deg kveikje, stødt vere du trylt av hennar kjærleik.
- 20 Kvi skulde du, son min, tryllast av onnor kona, og femna barmen på framand kvinna?
- 21 For Herren hev kvar manns vegar for augo, og han jamnar alle hans stigar.
- 22 Den gudlause vert fanga i misgjerningarne sine, hans synde-band bind honom fast.
- 23 Han døyr av di han ikkje let seg aga, og ved sin store dårskap tumlar han i koll.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗