잠언 4장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 잠언 (Proverbs) · 27절
- 1 Høyr etter, born, når far dykkar tuktar, og gjev gaum, so kann de læra å skyna!
- 2 For eg gjev dykk ein lærdom god; gakk ikkje frå mi upplæring!
- 3 For eg var og barn for far min, og mor sin einaste veslegut.
- 4 Då lærde han meg og sagde til meg: «Lat hjarta ditt hanga ved mine ord, tak vare på mine bod, so skal du liva.
- 5 Kjøp deg visdom, kjøp deg vit, Gløym ei, vik ei burt frå ordi eg segjer!
- 6 Gakk ei frå visdomen, so skal han vakta deg, elska han, so skal han vara deg.
- 7 Upphavet til visdom er: Kjøp deg visdom! Og kjøp deg vit for all di eiga!
- 8 Set han høgt, so skal han upphøgja deg, han fører deg til æra når du tek han i fang.
- 9 Han set på ditt hovud ein yndeleg krans, ei kruna so fager han gjev deg.»
- 10 Høyr, min son, og tak imot mine ord, so vert dine livs-år mange.
- 11 Eg viser deg visdoms veg, eg fører deg fram på beine stigar.
- 12 Når du gjeng, skal du stiga fritt, når du spring, skal du ikkje snåva.
- 13 Haldt fast på agen, slepp han ikkje, tak vare på han, for han er ditt liv.
- 14 På gudlause-stig må du ikkje koma, ei fara den vegen dei vonde fer.
- 15 Lat han vera, gakk ikkje på han, vik frå han og kom deg undan!
- 16 For dei søv ikkje, fær dei ’kje synda, dei misser svevnen, fær dei ikkje folk til å falla.
- 17 Gudløysa er det brødet dei et og vald er den vinen dei drikk.
- 18 Men den stigen rettferdige gjeng, er som morgonglima som ljosnar og ljosnar til dagen renn.
- 19 Den vegen dei ugudlege gjeng, er som kolmyrkret, dei veit ikkje kva dei snåvar i.
- 20 Son min, agta på ordi mine, vend ditt øyra til det eg segjer!
- 21 Lat dei ikkje vika frå augo dine, vara dei djupt i hjarta!
- 22 For det er liv for kvar som finn det, og lækjing for heile hans likam.
- 23 Framfor alt som du vaktar, tak vare på hjarta, for livet gjeng ut frå det.
- 24 Haldt svik med munnen ifrå deg, og burt med falske lippor!
- 25 Lat augo dine sjå beint fram, og augnekasti skoda ende fram for deg!
- 26 Jamna stigen for din fot, og lat alle dine vegar vera støde.
- 27 Vik ei til høgre eller vinstre, vend foten ifrå det vonde!
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗