잠언 3장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 잠언 (Proverbs) · 35절
- 1 Son min, gløym ikkje læra mi! Lat hjarta varveitsla bodi mine!
- 2 For livetid lang og livs-år i mengd og velferd dei gjev deg i rikaste mål.
- 3 Lat ei kjærleik og truskap vika frå deg, men bitt deim um halsen på deg, skriv deim på di hjartetavla!
- 4 Då vinn du ynde og fær godt vit for augo på Gud og menneskje.
- 5 Lit på Herren av heile ditt hjarta men set ikkje lit til ditt vit!
- 6 Tenk på honom i all di ferd! So jamnar han dine vegar.
- 7 Ver ikkje vis i eigne augo, ottast Herren og vik frå det vonde.
- 8 Det vert til helsebot for holdet ditt, og kveik for beini dine.
- 9 Æra Herren med eiga di og med fyrstegrøda av all di avling.
- 10 Då vert dine lødor rikleg fyllte, og safti renn yver i persorne dine.
- 11 Son min, ei du vanvyrde Herrens age, og ver ikkje leid for hans refsing!
- 12 For Herren agar den han elskar, som ein far med den son han hev kjær.
- 13 Sæl den mann som hev funne visdom, og den mann som vinn seg vit!
- 14 For det er betre å kjøpa visdom enn sylv, og den vinning han gjev, er betre enn gull.
- 15 Dyrare er han enn perlor, av alle dine skattar er ingen som han.
- 16 Langt liv hev han i høgre handi, og i vinstre rikdom og æra.
- 17 Hans vegar er hugnads-vegar, og alle hans stigar er velferd.
- 18 Han er livsens tre for deim som grip han, og dei som held han fast, er sæle.
- 19 Med visdom hev Herren grunnfest jordi, med vit hev han laga himmelen.
- 20 Ved hans kunnskap fossa vatnet or djupi, og frå skyerne dryp det dogg.
- 21 Son min! Slepp ikkje augo av deim, tak vare på visdom og ettertanke!
- 22 So skal dei vera liv for sjæli di og prydnad um halsen din.
- 23 Då vandrar du trygt din veg og støyter ikkje din fot.
- 24 Når du legg deg, so kvekk du ’kje upp, men du ligg og søv so godt.
- 25 Du skal ikkje ottast for bråstøkk, eller uver som yver ugudlege kjem.
- 26 For Herren skal vera di tiltru, og han skal vara din fot frå snara.
- 27 Haldt ei burte det gode frå deim som treng det, når det stend i di magt å gjeva det!
- 28 Seg ikkje til grannen din: «Gakk og kom att! Eg skal gjeva deg i morgon» - når du hev det no!
- 29 Tenk ikkje på vondt mot grannen din, når han bur trygt hjå deg!
- 30 Trætta ikkje med nokon utan grunn, når han ei hev gjort deg vondt!
- 31 Ovunda ikkje ein valdsmann, og vel ikkje nokon av alle hans vegar!
- 32 For den falske er ei gruv for Herren, men med ærlege hev han umgang.
- 33 Herrens forbanning er i huset hjå den gudlause, men heimen åt rettferdige velsignar han.
- 34 Gjeld det spottarar, so spottar han, men dei audmjuke gjev han nåde.
- 35 Vismenner erver æra, men dårer ber med seg skam til løn.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗