잠언 30장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 잠언 (Proverbs) · 33절
- 1 Ord av Agur, son åt Jake, profetordet. Mannen segjer so til Itiel, til Itiel og Ukal:
- 2 For fåvis er eg til å heita mann, og ikkje hev eg manne-vit.
- 3 Visdom hev eg ikkje lært, til kunnskap um den Heilage.
- 4 Kven hev stige upp til himmelen og stige ned? Kven hev samla vinden inn i nevarne? Kven hev bunde vatnet i eit klædeplagg? Kven hev alle enderne av jordi sett? Kva heiter han, kva heiter son hans - um du veit det?
- 5 Alt Guds ord er skirt, han er ein skjold for deim som flyr til honom.
- 6 Legg ikkje noko til hans ord, elles lyt han refsa deg, og du stend der ein ljugar.
- 7 Tvo ting hev eg bede deg um, neitta meg deim ikkje, fyrr eg døyr:
- 8 Lat fals og lygn vera langt frå meg! Gjev meg ikkje armod og ikkje rikdom! Lat meg få eta mitt tiletla brød!
- 9 Elles kunde eg neitta deg når eg var mett, og segja: «Kven er Herren?» Eller um eg vart fatig, kunde eg stela, ja, forgripa meg på min Guds namn.
- 10 Baktala ei ein tenar for hans herre, elles vil han banna deg, og du få bøta.
- 11 Ei ætt som bannar far sin og ikkje signar mor si,
- 12 ei ætt som tykkjer ho er rein, endå ho ei hev tvætta av sitt eige skarn,
- 13 ei ætt - kor stolte augo hev ho ikkje, og kor ho lyfter augneloki!
- 14 ei ætt som heve sverd til tenner og jakslar reint som knivar, so ho et armingar or landet og fatige or folkesamfund.
- 15 Blodiglen hev tvo døtter: Gjev! Gjev! Tri finst det som aldri vert mette, fire som ei segjer: «Nok!»
- 16 Helheim og barnlaust moderfang, jordi som aldri vert mett av vatn, og elden som ei segjer: «Nok!»
- 17 Eit auga som spottar far og vanvyrder lydnad mot mor, det skal bekkje-ramnarne hakka ut og ørnungar eta upp.
- 18 Tri ting er meg for underlege, og fire finst som eg ikkje skynar:
- 19 Ørns veg på himmelen, orms veg på berget, skips veg på havet og manns veg til møy.
- 20 Soleis ber utru kona seg åt: Ho et og turkar seg um munnen og segjer: «Eg hev ikkje gjort noko vondt.»
- 21 Under tri skjelv jordi, under fire kann ho ’kje herda:
- 22 under trælen når han vert konge, og dåren når han fær eta seg mett,
- 23 under attergløyma når ho vert gift, og trælkvinna når ho erver si frua.
- 24 Fire finst det som er små på jordi, og endå hev dei fenge visdom stor:
- 25 Mauren er ’kje noko sterkt folk, og endå lagar han sin mat um sumaren.
- 26 Fjellgrevlingarne er ’kje noko veldugt folk, og endå byggjer dei seg hus i berget.
- 27 Grashopparne hev ingen konge, og endå fær dei alle ut i fylking.
- 28 Fjorføtla kann du ta med henderne, og endå bur ho inni kongeslott.
- 29 Tri finst det som stig med staute stig, og fire hev ei fager gonga:
- 30 Løva ei kjempa millom dyri, og som ikkje snur seg for nokon,
- 31 hesten mjå um midja, eller bukken, og ein konge med leidingheren.
- 32 Gjer du deg stor, anten narr eller klårtenkt, so legg handi på munnen!
- 33 For trykk på mjølk gjev smør, og trykk på nase gjev blod, og trykk på vreide gjev strid.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗