잠언 29장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 잠언 (Proverbs) · 27절
- 1 Ein mann som etter mykje refsing endå er ein stivnakke, vil brått verta broten ulækjeleg sund.
- 2 Når rettferdige aukar i tal, då gled seg folket, men når gudlaus mann kjem til styre, sukkar folket.
- 3 Den som elskar visdom, gled sin far, men den som gjeng i lag med skjøkjor, øyder eiga si.
- 4 Ein konge held landet sitt uppe med rett, men ein skattekrevjar legg det i øyde.
- 5 Ein mann som smeikjer for næsten sin, breider ut eit net for føterne hans.
- 6 Ein vond manns misgjerd er snara for honom, men rettferdig mann fegnast og gled seg.
- 7 Den rettferdige syter for stakarens sak, den gudlause hev ikkje greida på noko.
- 8 Spottarar øser upp ein by, men vismenner stiller vreiden.
- 9 Når vismann fører sak mot dåren, vert dåren sinna og lær, og kann ’kje vera still.
- 10 Dei blodfuse hatar ein skuldlaus mann, og stend dei ærlege etter livet.
- 11 Alt sitt sinne slepper dåren ut, men vismannen døyver det til slutt.
- 12 Agtar ein hovding på lygneord, er alle hans tenarar nidingar.
- 13 Fatigmann og valdsmann råkast, Herren gjev deim båe augneljos.
- 14 Ein konge som dømer småfolk rett, hans kongsstol stend æveleg fast.
- 15 Ris og age gjev visdom, men ein agelaus gut fører skam yver mor si.
- 16 Når dei gudlause aukar, so aukar syndi, men dei rettferdige skal sjå med lyst på deira fall.
- 17 Aga son din, so vil han vera deg til hugnad og gjeva lostemat til sjæli di.
- 18 Utan profetsyn vert folket vilt, men sæl er den som held lovi.
- 19 Med ord let trælen seg ikkje tukta, for han skynar deim vel, men bryr seg ’kje um deim.
- 20 Ser du ein mann som er snar til å tala, dåren gjev større von enn han.
- 21 Kjæler du trælen upp frå hans ungdom, vil han vanvyrda deg til slutt.
- 22 Sinna mann valdar trætta, og brålyndt mann gjer mang ei misgjerd.
- 23 Mannsens ovmod fører til fall, men den audmjuke vinn seg æra.
- 24 Den som helar med tjuven, hatar sitt liv, han høyrer dei tek han i eid, men gjev ingi vitring.
- 25 Manne-rædsla legg snaror, men den som lit på Herren, vert berga.
- 26 Mange vil te seg fram for ein styrar, men frå Herren fær kvar mann sin rett.
- 27 Ein styggedom for rettferdige er ein urettferdig mann, og ein styggedom for den gudlause er den som fer ærleg fram.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗