잠언 31장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 잠언 (Proverbs) · 31절
- 1 Ord av kong Lemuel, profetord som mor hans prenta inn i honom:
- 2 Kva skal eg segja, son min, ja kva, du mitt livs son, ja kva, du min lovnads-son?
- 3 Gjev ikkje kvende di kraft, og far ikkje vegar som tynar kongar!
- 4 Ei sømer det seg, Lemuel, for kongar, ei kongar sømer det seg å drikka vin, og ei for hovdingar å spyrja etter rusdrykk.
- 5 For drikk han, vil han gløyma kva som lov er, og venda retten fyre alle arminger.
- 6 Lat han få rusdrykk som er åt å gå til grunns, og han få vin som gjeng med sorg i sjæli.
- 7 At han kann drikka og si armod gløyma, og ikkje lenger minnast møda si.
- 8 Lat upp din munn for mållaus mann, for alle deira sak som gjeng mot undergang!
- 9 Lat upp din munn og rettvist døm, lat armingen og fatigmannen få sin rett!
- 10 Ei dugande kona, kven finn vel ei slik? Høgre stend ho i pris enn perlor.
- 11 Mannsens hjarta lit på henne, og vinning vantar ikkje.
- 12 Ho gjer honom godt og inkje vondt alle sine livedagar.
- 13 Ho syter for ull og lin, og henderne strævar med hugnad.
- 14 Ho er som kaupmanna-skip, langt burtantil fær ho si føda.
- 15 Og uppe er ho i otta, og gjev sin huslyd mat og etlar åt ternone ut.
- 16 Ho stilar på ein åker og fær han, for det ho med henderne tener ho plantar ein vingard.
- 17 Kraft ho bind seg til belte um livet og gjer sine armar sterke.
- 18 Ho merkar at hushaldet hennar gjeng godt, då sloknar ’kje lampa hennar um natti.
- 19 Ho retter henderne ut etter rokken, og fingrarne tek til teinen.
- 20 Ho opnar handi for armingen, retter ho ut til fatigmannen.
- 21 Ei ræddast ho snø for huset sitt, for alt hennar hus er klædt i skarlaks-ty.
- 22 Ho gjer seg tæpe og klær seg i finaste lin og purpur.
- 23 Hennar mann er kjend i portarne, der han sit til tings med dei fremste i landet.
- 24 Linskjortor gjer ho og sel, og belte gjev ho til kramkaren.
- 25 Kraft og vyrdnad er klædnaden hennar, og ho lær åt dagen som kjem.
- 26 Ho let upp munnen med visdom, mild upplæring ho gjev med si tunga.
- 27 Koss det gjeng i huset agtar ho på, og ei et ho brød i letingskap.
- 28 Fram stig hennar søner og prisar ho sæl, og mannen syng henne lov:
- 29 «Mange kvende stod høgt i dugleik, men du gjeng yver deim alle.»
- 30 Vænleik er fals og fagerskap fåfengd; ei kona som ottast Herren, skal prisast.
- 31 Lat ho få det ho vann med henderne sine, og pris i portarne av sine verk.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗