잠언 2장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 잠언 (Proverbs) · 22절
- 1 Son min! tek du imot mine ord og gøymer bodi mine hjå deg,
- 2 so du vender øyra til visdomen, bøygjer hjarta til vitet,
- 3 ja, når du kallar på skynet og ropar høgt på vitet,
- 4 leitar du etter det som vore det sylv, og grev som vore det løynde skattar,
- 5 då skal du skyna otte for Herren, og Guds-kunnskap skal du finna.
- 6 For Herren er den som gjev visdom, frå hans munn kjem kunnskap og vit.
- 7 Han gøymer frelsa for dei ærlege, han er ein skjold for dei som fer ulastande,
- 8 med di for han vaktar stigarne åt retten og varar vegen vel for sine trugne.
- 9 Då skal du skyna rettferd og rett og rettvisa, ja, kvar god veg.
- 10 For visdom koma skal i hjarta ditt, og kunnskap vera hugleg for di sjæl,
- 11 yver deg skal ettertanke halda vakt, vit skal vara deg
- 12 og fria deg ifrå den vonde åtferd, frå folk som talar fals,
- 13 dei som gjeng frå dei rette stigar og vil vandra på myrke vegar,
- 14 dei som gled seg med å gjera vondt, og fegnast yver rangt og vondt,
- 15 dei som gjeng på kroke-stigar og fer på range vegar. -
- 16 Han skal fria deg frå annanmanns kona, frå framand kvinna med sleipe ord,
- 17 som hev svike sin ungdoms ven og si Guds-pakt hev gløymt.
- 18 For ho sig ned til dauden med sitt hus, og ned til daudingarne hennar vegar ber.
- 19 Ingen som gjeng inn til henne, kjem attende, og dei når ikkje livsens stigar.
- 20 Han vil du skal ganga den vegen dei gode gjeng, og halda deg på dei stigane der rettferdige ferdast;
- 21 for dei ærlege skal bu i landet, og dei ulastelege der skal verta att,
- 22 men dei ugudlege skal rydjast ut or landet, og svikarane skal verta rivne burt frå det.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗