잠언 28장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 잠언 (Proverbs) · 28절
- 1 Dei gudlause flyr um ingen deim elter, dei rettferdige er som ungløva trygge.
- 2 Syndar eit land, fær det mange herrar, men hev folket mykje vit, varer retten lenge.
- 3 Ein fatig herre som trykkjer dei arme, er eit regn som herjar og ikkje gjev brød.
- 4 Dei som gjeng ifrå lovi, prisar dei gudlause, men dei som held lovi, harmast på deim.
- 5 Vonde folk skynar ikkje kva rett er, men dei som søkjer Herren, skynar alt.
- 6 Betre er ein fatigmann som ferdast lytelaust, enn ein rikmann som er rang og gjeng tvo vegar.
- 7 Den som agtar på rettleiding, er ein vitug son, men den som hev lag med øydarar, fører skam yver far sin.
- 8 Den som aukar si eiga med renta og oker, han sankar åt den som er god mot dei arme.
- 9 Um ein vil venda øyra burt og ikkje høyra lovi, er jamvel bøni hans ein styggedom.
- 10 Den som villar ærlegt folk inn på ein vond veg, han skal stupa i si eigi grav, men dei lytelause skal erva det som godt er.
- 11 Ein rikmann tykkjer han er vis, men ein fatigmann med vit granskar honom ut.
- 12 Held dei rettferdige høgtid, stend det herleg til, men når gudlause kjem seg upp, lyt ein leita etter folk.
- 13 Den som dyl misgjerningarne sine, hev ikkje lukka med seg, men den som sannar deim og vender seg ifrå deim, han finn miskunn.
- 14 Sæl den mannen som alltid ottast, men den som gjer hjarta sitt hardt, han fell i ulukka.
- 15 Burande løva og ein grådig bjørn er gudlaus hovding yver fatigt folk.
- 16 Du hovding fatig på vit og rik på vald! Dei som hatar urett vinning, skal liva lenge.
- 17 Ein mann med blodskuld yver seg er på flugt alt til gravi, ingen må hjelpa honom.
- 18 Den som ferdast lytelaust, vert frelst, men den range tvivegs-farar fell på den eine.
- 19 Den som dyrkar si jord, fær nøgdi av brød, men den som fer etter fåfengt, fær nøgdi av armod.
- 20 Ein trufast mann fær rik velsigning, men den som renner etter rikdom, vert ei urefst.
- 21 Det er ’kje godt når ein gjer mannemun, men mang ein mann vert brotsmann for ein brødbit.
- 22 I bråhast vil den ovundsjuke verta rik, og han veit ’kje at vanråd vil koma på han.
- 23 Den som refser ein mann, vinn seg takk til slutt meir enn den som smeikjer med tunga si.
- 24 Den som plundrar far sin og mor si og segjer: «Det er ikkje synd,» han er øydelands lagsbror.
- 25 Den vinnekjære valdar trætta, men den som lit på Herren, fær kveikjing.
- 26 Den som lit på vitet sitt, han er ein dåre, men den som vandrar i visdom, vert frelst.
- 27 Den som gjev den fatige, vantar inkje, men den som let att augo, fær mykje banning yver seg.
- 28 Når gudlause kjem seg upp, då gøymer folk seg, men når dei gjeng til grunns, då aukar dei rettferdige.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗