잠언 27장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 잠언 (Proverbs) · 27절
- 1 Rosa deg ikkje av morgondagen, for du veit ikkje kva ein dag ber i fang.
- 2 Lat ein annan rosa deg; ikkje din eigen munn, ein framand og ei dine eigne lippor!
- 3 Stein er tung, og sand veg mykje, men tyngre enn båe er dåreharm.
- 4 Sinne er fælslegt, og vreide ein flaum, men kven kann standa seg mot åbryskap?
- 5 Betre er openberrleg refsing enn kjærleik som held seg duld.
- 6 Trugne er slag av venehand, og mange er uvens kyssar.
- 7 Den mette trakkar på honning, men den svoltne tykkjer alt beiskt er søtt.
- 8 Som ein fugl som rømer frå reiret sitt, er ein mann som rømer frå heimen sin.
- 9 Olje og røykjelse hjarta gled, og søte venar-ord frå rådvis sjæl.
- 10 Slepp ikkje frå deg venen din og far din’s ven, so du lyt heim til bror din når du er i naud! Ein granne nær attmed er betre enn ein bror langt burte.
- 11 Vert vis, min son, og gled mitt hjarta, so eg kann svara den som spottar meg!
- 12 Den kloke ser fåren, gøymer seg; fåmingar renner fram og lyt bøta for det.
- 13 Tak klædi hans, for han hev borga for ein annan, og panta honom for ei framand kvinna!
- 14 Den som høgmælt signar sin ven um morgonen tidleg, han skal få det tilrekna som ei forbanning.
- 15 Si-drop frå taket ein regndag og ei trættekjær kvinna likjest kvarandre.
- 16 Den som held på henne, held på vind, og handi hans triv i olje.
- 17 Jarn sliper jarn, og den eine mannen sliper den andre.
- 18 Den som agtar fiketreet sitt, fær eta frukti av det, den som tek vare på sin herre, skal få æra.
- 19 Som andlit seg speglar mot andlit i vatnet, so menneskjehjarta mot menneskje.
- 20 Helheim og avgrunn vert ikkje mette, og menneskjeaugo vert ikkje mette.
- 21 Diglen røyner sylvet og omnen gullet, og ein mann vert røynd av sin ros.
- 22 Um du støyte uvitingen i mortelen med støytaren i hop med gryn, so vilde ikkje vitløysa vika ifrå han.
- 23 God greide lyt du hava på koss sauerne dine ser ut, og agta vel på buskapen din!
- 24 For velstand varer ikkje æveleg, og ikkje ei kruna frå ætt til ætt.
- 25 Men er høyet burte og håi kjem att, og fjellgras vert sanka i hop,
- 26 då hev du lamb til klæde, og bukkar til å kjøpa deg åker for,
- 27 og geitemjølk nok til mat for deg, til mat for huset ditt og til livsupphald for gjentorne dine.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗