잠언 26장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 잠언 (Proverbs) · 28절
- 1 Som snø um sumaren og regn i skurden, so høver ikkje æra for ein dåre.
- 2 Som sporven flaksar burt og svala flyg, so råkar ikkje grunnlaus forbanning.
- 3 Svipa til hesten, taum til asnet, og ris til ryggen på dårar.
- 4 Svar ikkje dåren etter hans dårskap, so du ei skal verta lik han, du og!
- 5 Svara dåren etter hans dårskap, so han ei skal tykkja han sjølv er vis!
- 6 Føterne høgg han av seg, og vald fær han drikka, han som sender bod med ein dåre.
- 7 Visne heng vanfør manns føter, so og ordtak i munnen på dårar
- 8 som å binda ein stein i slyngja, soleis er det å gjeva ein dåre æra.
- 9 Som klungergrein i handi på drukken mann, so er ordtak i munnen på dårar.
- 10 Som ein skyttar som sårar alle, so er den som leiger dåren og kvar som fer framum.
- 11 Som hund som snur seg til si eigi spya, so er ein dåre som kjem att til narreskapen sin.
- 12 Ser du ein mann som tykkjer sjølv at han er vis, då er det større von for dåren enn for honom.
- 13 Letingen segjer: «D’er villdyr på vegen, ei løva i gatorne.»
- 14 Døri snur seg på gjengi, og letingen snur seg i sengi.
- 15 Stikk den late si hand i fatet, han evast med å ta ho upp til munnen att.
- 16 Letingen tykkjest visare vera enn sju som gjev vituge svar.
- 17 Han triv i øyro på framumfarande hund, han som ryk upp i sinne for trætta som ikkje kjem han ved.
- 18 Som ein galen som skyt med brennende pilar - drepande skot -
- 19 so er ein mann som svik sin næste og segjer: «Eg gjorde det berre på gaman.»
- 20 Når veden tryt, so sloknar elden, er baktalar burte, stoggar striden.
- 21 Som kol vert til gløder og ved til eld, so kveikjer kranglaren kiv.
- 22 Baktalar-ord er som lostemat, dei glid so godt ned i livet.
- 23 Som sylv-glasering på skålbrot er brennande lippor når hjarta er vondt.
- 24 Med lipporne skaper ein uven seg til, men inni seg gøymer han svik.
- 25 Gjer han seg blidmælt, tru honom ei, for sju slag styggedom bur i hans hjarta.
- 26 Hatet dyl seg i svik, men lyt syna sin vondskap i folkemugen.
- 27 Den som grev ei grav, skal stupa nedi, den som velter ein stein, skal få han yver seg att.
- 28 Den falske tunga hatar deim som ho hev krasa, og den sleipe munnen fører til fall.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗