잠언 25장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 잠언 (Proverbs) · 28절
- 1 Dette er og ordtøke av Salomo, og mennerne åt Hizkia, kongen i Juda, hev samla deim.
- 2 Guds æra er å dylja ei sak, og kongars æra å granska ei sak.
- 3 Himmel-høgd og jord-dypt og konge-hjarto kann ingen granska ut.
- 4 Burt med slagget or sylvet! So fær gullsmeden ei skål av det.
- 5 Burt med gudlaus mann frå kongen! So vert hans kongsstol fast ved rettferd.
- 6 Briska deg ikkje for kongen, og stell deg ikkje på storfolks plass.
- 7 For betre er at dei segjer med deg: «Stig her upp!» Enn at du vert nedflutt for augo på fyrsten. Kva so augo dine hev set.
- 8 Ver ikkje for snar til å reisa sak; for kva vil du gjera til slutt, når motparten gjer deg til skammar?
- 9 Før di sak med grannen din, men ber ikkje ut ein annan manns løyndom,
- 10 For elles vil den som høyrer det, skjella deg ut, og du vil alltid få låkt ord på deg.
- 11 Som eple av gull i skåler av sylv er eit ord som ein talar i rette tid.
- 12 Som ein gullring i øyra og sylgja av gull er ein vismann som refser for høyrande øyra.
- 13 Som svalande snø ein skurdonne-dag er ein tru bodberar for deim som sender han, han kveikjer sjæli åt herren sin.
- 14 Som skyer og vind utan regn er ein mann som kyter av gåvor han ikkje gjev.
- 15 Tolmod fær domaren yvertald, og den linne tunga bryt bein.
- 16 Finn du honning, so et det du treng, so du ikkje vert ovmett og spyr han ut.
- 17 Set sjeldan din fot i huset åt grannen, so han ikkje vert leid deg og hatar deg.
- 18 Hamar og sverd og kvasse pil er den som vitnar falskt mot sin næste.
- 19 Som roti tonn og ustød fot, so er lit til utru mann på trengselsdagen.
- 20 Som kastar du klædi ein frostdag, som eddik på natron, so er den som syng visor for sorgfullt hjarta.
- 21 Er din fiend’ svolten, gjev honom mat, er han tyrst, so gjev honom drikka.
- 22 For då hopar du gloande kol på hovudet hans, og Herren skal løna deg att for det.
- 23 Nordanvind føder regn, og ei kviskrande tunga sure andlit.
- 24 Betre å bu i ei krå på taket enn ha sams hus med trættekjær kvinna.
- 25 Som friske vatnet for den trøytte, so er god tidend frå eit land langt burte.
- 26 Som gruggi kjelda og ein utskjemd brunn, so er rettferdig mann som vinglar medan gudlaus ser det.
- 27 Eta for mykje honning er ikkje godt, men å granska det vandaste er ei æra.
- 28 Som ein by med murarne brotne og burte er mannen som ikkje kann styra sin hug.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗