잠언 24장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 잠언 (Proverbs) · 34절
- 1 Misunn ikkje vonde menneskje, og hav ikkje hug til å vera med deim.
- 2 For hjarta deira tenkjer på vald, og um ulukka talar lipporne deira.
- 3 Med visdom byggjer ein hus, og med vit grunngfester ein det,
- 4 og med kunnskap fær ein romi fulle av alle slag dyre og gilde ting.
- 5 Ein vis mann er sterk, og ein kunnig er veldug i kraft.
- 6 Klok styring skal du bruka når du fører krig, hev du mange rådvise menn gjeng det godt.
- 7 Visdom heng for høgt for fåmingen, i porten let han ikkje upp sin munn.
- 8 Den som tenkjer på å gjere vondt, honom kallar me ein fuling.
- 9 Synd er dårskaps råd, og spottaren er ei gruv for folk.
- 10 Misser du modet når trengsla kjem, då er di kraft for trong.
- 11 Berga deim som dei fører til dauden, og dei som vinglar til rettarstaden, haldt deim att!
- 12 Um du segjer: «Me visste det ikkje, ser du,» tru ikkje han som veg hjarto, skynar det, og han som agtar på sjæli di, veit det, og han løner mannen etter hans gjerning?
- 13 Et honning, son min, for den er god, og sjølvrunnen honning er søt for din gom.
- 14 Lær sameleis visdom for sjæli di! Finn du honom, so hev du ei framtid, og di von skal ikkje verta til inkjes.
- 15 Lur ikkje, du gudlause, på rettferdig manns bustad, legg ikkje heimen hans i øyde!
- 16 For sju gonger dett den rettferdige og stend upp att, men dei gudlause stuper når ulukka kjem.
- 17 Når din fiend’ fell, so gled deg ikkje, og når han stupar, fegnast ei ditt hjarta!
- 18 Elles vil Herren sjå det og mislika det og venda frå honom vreiden sin.
- 19 Harmast ei yver illgjerdsmenner, misunn ikkje dei gudlause!
- 20 For den vonde hev ingi framtid; lampa åt gudlause sloknar.
- 21 Ottast Herren, son min, og kongen! Gakk ikkje i lag med upprørsmenner!
- 22 For brått kjem ulukka yver deim, og kven veit når åri deira fær ein usæl ende?
- 23 Desse ordi er og av vismenner. Det er ikkje godt når ein gjer mannemun i domen.
- 24 Den som segjer til den skuldige: «Du er uskuldig.» Honom vil folkeslag banna og folk forbanna;
- 25 men deim som refsar han, gjeng det vel, og velsigning av godt kjem yver deim.
- 26 Ein kyss på lipporne er det når einkvan gjev det rette svaret.
- 27 Fullfør yrket ditt ute, og gjer det ferdigt for deg på marki! Sidan kann du byggja deg hus
- 28 ver ikkje vitne mot næsten din utan grunn, for du vil vel ’kje svika med lipporne dine?
- 29 Seg ikkje: «Som han hev gjort med meg, so vil eg gjera med han. Eg vil løna mannen etter hans gjerning.»
- 30 Eg gjekk framum ein lat manns mark, og vinhagen til eit vitlaust menneskje,
- 31 og sjå, han var vaksen full av tistlar, grunnen var yvergrodd med netlor, og steingarden kringom var riven ned.
- 32 Og eg skygnde på det og agta på det, eg såg det, og denne lærdomen tok eg:
- 33 «Endå litt soving, endå litt blunding, endå litt kvild med henderne i kross!
- 34 So kjem armodi di som ein farande fant, og naudi som skjoldvæpna mann.»
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗