잠언 23장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 잠언 (Proverbs) · 35절
- 1 Når du sit til bords hjå ein hovding, so agta vel på kven du hev fyre deg,
- 2 og set ein kniv på strupen din, um mathugen din er stor.
- 3 Fys ikkje etter hans lostemat, for det er dårande føda.
- 4 Mød deg ei med å verta rik, lat fara den klokskapen din!
- 5 Lat ei augo fljuga til det som kverv, for det gjer seg vengjer, det er visst, som ein ørn som flyg til himmels.
- 6 Et ikkje brød hjå den som misunner deg, og fys ikkje etter hans lostemat!
- 7 For som han reknar ut i sjæli si, soleis er han. «Et og drikk!» han segjer til deg, men hjarta hans er ikkje med deg.
- 8 For biten din som du hev ete, lyt du spy upp att, og du hev spilt dine fagre ord.
- 9 For øyro på dåren skal du ikkje tala, for han vanvyrder visdommen i dine ord.
- 10 Flyt ikkje gamall merkestein, og kom ei inn på åkrane åt faderlause.
- 11 For deira målsmann er sterk, han skal føra saki deira imot deg.
- 12 Vend hjarta ditt til age og øyro dine til kunnskaps ord!
- 13 Lat ikkje guten vera utan age! Slær du han med riset, skal han ikkje døy.
- 14 Du slær han med riset, og sjæli hans bergar du frå helheim.
- 15 Son min, vert hjarta ditt vist, so gled seg og mitt hjarta,
- 16 og nyro mine fegnast når lipporn’ dine talar det som rett er.
- 17 Lat ikkje hjarta ditt misunna syndarar, men stræva stødt etter gudlegdom.
- 18 For då er du viss på ei framtid, og di von skal ei verta til inkjes.
- 19 Høyr du, son min, og vert vis, og lat hjarta ditt ganga beint fram på vegen.
- 20 Ver ikkje med millom vindrikkarar, millom deim som foret seg på kjøt.
- 21 For drikkar og storetar fatig vert, og svevn gjev fillor for klæde.
- 22 Høyr på far din som avla deg, og vanvyrd ei mor di når ho vert gamall!
- 23 Kjøp sanning og sel henne ikkje, visdom og age og vit.
- 24 Storleg fegnast far til den rettferdige, og den som fær ein vis son, skal få gleda av han.
- 25 Lat far din og mor di gleda seg, og ho som fødde deg, fegnast.
- 26 Son min, gjev meg hjarta ditt, og lat dine augo lika vegarne mine.
- 27 For skjøkja er som djupe gravi og den framande kona som tronge brunnen,
- 28 ja, ho ligg på lur som ein ransmann, og ho aukar talet på utrue folk.
- 29 Kven hev sorg? Kven hev sut? Kven hev dragsmål? Kven hev klagemål? Kven hev sjølvvalde sår? Kven hev dimsynte augo?
- 30 Dei som drygjer lenge hjå vinen, dei som kjem og smakar på mjøden.
- 31 Sjå ikkje på vinen kor han raudnar, kor vænt han smiler i staupet! lett renn han ned.
- 32 Men sidan han sting som ein slange og høgg som ein orm.
- 33 Då skal augo dine sjå rare syner, og hjarta ditt talar tull og tøv.
- 34 Du vert som låg du i havsens djup, eller låg i toppen av mastri.
- 35 «Dei slo meg, men det gjorde ’kje vondt, dei banka meg, men eg kjende det ikkje. Når skal eg vakna? Eg vil få tak i endå meir.»
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗