잠언 22장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 잠언 (Proverbs) · 29절
- 1 Eit godt namn er meir verdt enn rikdom stor, og manntekkje betre enn sylv og gull.
- 2 Rik og fatig råkast, Herren hev skapt deim alle.
- 3 Den kloke ser fåren og gøymer seg, men fåmingar renner fram og lyt bøta for det.
- 4 Løn for spaklynde og otte for Herren er rikdom og æra og liv.
- 5 Klunger og snaror er på den vegen den falske gjeng, den som agtar si sjæl, held seg burte frå deim.
- 6 Lær guten etter som guten er, so vik han ikkje ifrå det, um han vert gamall.
- 7 Rikmann rå’r yver fatigfolk, og den som fær lån, vert træl for den som gjev.
- 8 Den som sår urett, skal hausta vondt, og hans ovmods ris fær ein ende.
- 9 Den godhjarta vert velsigna, for han gjev sitt brød til armingen.
- 10 Jaga spottaren ut, so gjeng trætta med, og for skjemsla og kiv fær du fred.
- 11 Den som elskar hjartans reinleik, den som talar vænt, han hev kongen til ven.
- 12 Herrens augo vaktar kunnskap, men ord frå den utrue støyter han um.
- 13 Letingen segjer: «Det er ei løva der ute, eg kunde verta drepen midt på gata.»
- 14 Ei djup grav er skjøkjemunn, den som Herren er harm på, skal falla nedi.
- 15 Vitløysa heng fast ved hjarta hjå guten, men tukteriset driv henne burt frå han.
- 16 Trykkjer du armingen, vert det honom til vinning, gjev du den rike, vert det berre til tap.
- 17 Lut øyra ned og høyr på ord av vismenn vend hjarta til min kunnskap!
- 18 For det er vænt at du deim varar i ditt hjarta; gjev dei må vera reiduge på dine lippor!
- 19 Av di du skal lita på Herren, lærer eg deg i dag, just deg.
- 20 Hev eg ’kje skrive fyndord til deg med råder og kunnskap
- 21 til å kunngjera deg det som rett er, sannings ord, so du med sannings ord kann svara deim som sender deg?
- 22 Plundra ikkje ein fatigmann av di han er fatig, og tred ikkje armingen ned i porten!
- 23 For Herren skal føra saki deira og taka livet deira som tek ifrå deim.
- 24 Gjev deg ikkje i lag med ein som snart vert vreid, og gakk ikkje med ein bråsinna mann,
- 25 at du ikkje skal venja deg til hans vegar og få sett ei snara for livet ditt!
- 26 Ver ei millom deim som gjev handtak, millom deim som borgar for skuld!
- 27 Når du inkje hev å betala med, kvifor skal dei taka sengi di burt under deg?
- 28 Flyt ikkje gamall merkestein som federne dine hev sett!
- 29 Ser du ein mann som er dugleg i arbeidet, han skal tena hjå kongar og ikkje hjå småfolk.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗