잠언 21장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 잠언 (Proverbs) · 31절
- 1 Konungs hjarta er i Herrens hand som bekkjer, han vender det kvar helst han vil.
- 2 Kvar mann tykkjer at hans eigi ferd er rett, men det er Herren som prøver hjarto.
- 3 At folk gjer rett og skil, er meir verdt for Herren enn offer.
- 4 Ovmods augo og sjølvgodt hjarta - lampa åt gudlause folk er synd.
- 5 Umtanke hjå den annsame er berre til vinning, men hastverk berre til tap.
- 6 Skattevinning med ljugartunga er ein kvervande pust av deim som søkjer dauden.
- 7 Den vald dei gudlause gjer, skal riva deim sjølve burt, for det som er, vil dei ikkje gjera.
- 8 Skuldig mann gjeng krokut veg, men den reine - han gjer si gjerning beint fram.
- 9 Betre å bu i ei krå på taket enn å ha sams hus med trettekjær kvinna.
- 10 Ugudleg manns sjæl hev hug til det vonde, hans næste finn ikkje miskunn hjå honom.
- 11 Refser du spottaren, vert uvitingen vis, og lærer du vismannen, tek han mot kunnskap.
- 12 Ein rettferdig agtar på gudlause-hus, han støyter dei gudlause ned i ulukka.
- 13 Dytter du øyra til for armings rop, skal sjølv du ropa og ikkje få svar.
- 14 Gåva i løyndom stiller vreide, og gjeving i barmen stiller største harmen.
- 15 Det er ei gleda for rettferdig mann å gjera rett, men ei rædsla for illgjerningsmenner.
- 16 Den som viller seg burt frå klokskaps veg, han skal hamna i skuggeheimen.
- 17 Ein fatigmann vert den som elskar moro, ei vert han rik som elskar vin og olje.
- 18 Den gudlause vert løysepeng for den rettferdige, og utru kjem i staden for den ærlege.
- 19 Betre å bu i eit øydeland enn hjå arg og trættekjær kvinna.
- 20 Vismann hev dyre skattar og olje i huset, men uvitingen øyder det upp.
- 21 Den som strævar etter rettferd og miskunn, han skal finna liv og rettferd og æra.
- 22 Ein by med kjempor tek vismannen inn, og han bryt ned den borgi som byen lit på.
- 23 Den som varar sin munn og si tunga, han varar si sjæl frå trengslor.
- 24 Ein ovmodig og ubljug kallar me spottar, ein som fer fram med ofselegt ovmod.
- 25 Lysti åt letingen drep honom sjølv, for henderne hans vil inkje gjera.
- 26 Heile dagen snikjer den snikne, men ein rettferdig gjev og sparer inkje.
- 27 Offer frå gudlause er ei gruv, og endå meir når dei samstundes emnar på ilt.
- 28 Eit ljugar-vitne skal ganga til grunns, men ein mann som lyder etter, skal få tala alltid.
- 29 Gudlaus mann ter seg skamlaus, men den ærlege gjeng sine vegar stødigt.
- 30 Det finst ingen visdom og inkje vit og ingi råd imot Herren.
- 31 Hesten vert budd til herferdsdagen, men sigeren kjem ifrå Herren.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗