잠언 20장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 잠언 (Proverbs) · 30절
- 1 Vinen er ein spottar, rusdrykken ein ståkar, ingen som tumlar av honom, er vis.
- 2 Den rædsla kongen vekkjer, er som løveburing, den som fær hans vreide på seg, set livet sitt på spel.
- 3 Mannsens æra er å halda seg frå trætta, men kvar uviting glefser til.
- 4 Letingen pløgjer ikkje um hausten, i skurdonni leitar han fåfengt etter grøda.
- 5 Råd i mannsens hjarta er som vatn i djupet, men ein skynsam mann kann draga det upp.
- 6 Mest kvar mann råkar ein som elskar honom, men kven finn ein som er å lita på?
- 7 Den som ferdast ulastande og er rettferdig, sæle er borni hans etter honom.
- 8 Ein konge som sit på domarstol, skil ut alt vondt med augo sine.
- 9 Kven kann segja: «Eg hev halda hjarta reint og er fri frå syndi mi?»
- 10 Tvo slag vegt og tvo slag mål er båe tvo ein styggedom for Herren.
- 11 Alt guten syner i si gjerd um ferdi hans vert rein og rett.
- 12 Øyra som høyrer og auga som ser - Herren hev skapt deim båe tvo.
- 13 Elska ikkje svevn, for då vert du fatig, haldt augo uppe, so fær du brød til mette.
- 14 «Klent, klent!» segjer kjøparen, men når han gjeng burt, so rosar han seg.
- 15 Vel finst det gull og mange perlor, men dyraste gogni er lippor med kunnskap.
- 16 Tak klædi hans! for han hev borga for ein annan, og panta honom for framande!
- 17 Søtt er for mannen det brød han hev fenge med fals, men sidan vert munnen hans full av småstein.
- 18 Råder vert stødige med rådleggjing, få då klok styring når du fører krig!
- 19 Den som fer med drøs, ber løynråd ut, og gapen skal du ikkje hava noko med.
- 20 Den som bannar far og mor, hans lampa skal slokna i kolmyrkret.
- 21 Ein arv som ein i fyrstundes er for fus på, vert på slutten utan velsigning.
- 22 Seg ikkje: «Eg vil løna med vondt!» Venta på Herren, han vil hjelpa deg.
- 23 Tvo slag vegt er ein styggedom for Herren, og den falske skålvegt er ikkje god.
- 24 Frå Herren kjem mannsens stig, og kor kann eit menneskje skyna sin veg?
- 25 Fårlegt er det for eit menneskje å vigsla eitkvart tankelaust, og fyrst granska lovnaden etterpå.
- 26 Ein vis konge skil ut dei gudlause og let hjulet ganga yver deim.
- 27 Menneskjens ånd er Herrens lampa, og ho ransakar alle rom i hjarta.
- 28 Kjærleik og truskap er vakt um kongen, og han styd sin kongsstol på kjærleik.
- 29 Ei æra for ungdomar er deira kraft, og ein prydnad for dei gamle er grått hår.
- 30 Svidande sår reinser burt det vonde, ja, slag reinsar hjartans inste rom.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗