잠언 19장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 잠언 (Proverbs) · 29절
- 1 Betre er ein fatigmann som ferdast lytelaust enn ein mann med range lippor som attpå er ein dåre.
- 2 Den som er tankelaus i hugen, gjeng det gale, og den som stig for fort med føterne, han stig i miss.
- 3 Mannsens eigi vitløysa fører til fall, men han harmast i sitt hjarta på Herren.
- 4 Velstand samla mange vener, men fatigmann vert skild frå venen sin.
- 5 Det falske vitnet skal ’kje verta urefst, og den som andar lygn, skal ikkje sleppa undan.
- 6 Mange smeikjer den gjæve, og kvar mann er ven med den rauste.
- 7 Fatigmanns brør hatar honom alle, enn meir dreg hans vener seg burt frå honom. Han fer etter ord som er inkjevetta.
- 8 Den som elskar si sjæl, han vinn seg vit, den som vaktar sitt skyn, skal finna lukka.
- 9 Det falske vitnet skal ’kje verta urefst, og den som andar lygn, skal tynast.
- 10 Det høver ei for dåren å hava gode dagar, enn mindre for ein træl å råda yver hovdingar.
- 11 Mannsens klokskap gjev honom tol, og det er hans æra å tilgjeva brot.
- 12 Konungs harm er som når løva burar, men godhugen hans er som dogg i graset.
- 13 Ein dårleg son er reint ei ulukka for far sin, og kjerringtrætta er som si-drop frå taket.
- 14 Hus og gods er fedre-arv, men frå Herren kjem ei vitug kona.
- 15 Leta svæver tungt i svevn, og letingen skal svelta.
- 16 Den som tek vare på bodet, tek vare på sitt liv, den som ei ansar si åtferd, skal missa livet.
- 17 Den som gjer miskunn mot armingen, låner til Herren, og av honom fær han vederlag for si velgjerning.
- 18 Aga son din, for endå er det von, men lat deg ikkje driva til å drepa honom.
- 19 Den som er svært sinna, lyt bøta for det, for um du hjelper han, du gjer vondt verre.
- 20 Høyr på råd og lat deg aga, so du til slutt kann verta vis.
- 21 Mange tankar er i mannsens hjarta, men Herrens råd fær framgang.
- 22 Mannsens miskunn er hans gode vilje, og fatig man er betre enn ein som lyg.
- 23 Otte for Herren fører til liv, mett fær ein kvila og vert ikkje heimsøkt med vondt.
- 24 Stikk den late si hand i fatet, so idest han ei ta ho upp att til munnen.
- 25 Slær du spottaren, so vert uvitingen klok, og agar du den vituge, so fær han vit på kunnskap.
- 26 Den som er vond med far sin og jagar mor si burt, han er ein son til skam og skjemd.
- 27 Høyr ikkje soleis på refsing, son min, at du villar deg burt frå kunnskaps ord!
- 28 Eit nidings-vitne spottar det som rett er, og munnen på gudlause gløyper urett.
- 29 Refsingsdomar er ferdige for spottaren og slag for ryggen på dårar.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗