잠언 1장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 잠언 (Proverbs) · 33절
- 1 Ordtøke av Salomo, son til David, konge yver Israel.
- 2 Av deim kann ein læra visdom og age og skyna vituge ord.
- 3 Og få age so ein vert klok, rettferd og rett og rettvisa.
- 4 Dei kann gjeva dei urøynde klokskap, ungdomen kunnskap og ettertanke -
- 5 so den vise kann høyra og auka sin lærdom og den vituge verta rådklok.
- 6 Dei gjev skyn på ordtak og myrke ord, ord frå dei vise og gåtorne deira.
- 7 Otte for Herren er upphav til kunnskap, uvitingar vanvyrder visdom og age.
- 8 Høyr etter, son min, når far din deg agar, og kasta ’kje frå deg det mor di deg lærer!
- 9 For det er ein yndeleg krans for ditt hovud, og kjedor kring halsen din.
- 10 Son min, når syndarar lokkar deg, samtykk ikkje!
- 11 Um dei segjer: «Kom med oss! Me vil lura etter blod, setja fella for den skuldlause utan grunn;
- 12 Me vil gløypa deim som helheimen livande, og heile som når dei fer i gravi;
- 13 Me vinna oss alle slag skattar, og fyller husi våre med rov;
- 14 du skal få lutskifte saman med oss, alle skal me ha same pungen.» -
- 15 Son min, gakk ikkje då på vegen med deim, haldt foten din burte frå deira stig!
- 16 For føterne deira spring til vondt og er snøgge til å renna ut blod.
- 17 Men fåfengt breier dei netet for augo på alle fuglar.
- 18 Dei lurer på sitt eige blod og set eit garn for sitt eige liv.
- 19 So gjeng det kvar som riv til seg med ran, det drep sin eigen herre.
- 20 Vismøyi ropar på gata og lyfter si røyst på torgi.
- 21 På gatehyrna preikar ho midt i ståket, i porthallar og kring i byen ho talar:
- 22 «Kor lenge vil de fåkunnige elska fåkunna, og kor lenge vil spottarar ha hug til spott, og dårar hata kunnskap?
- 23 Snu dykk hit når eg refser! So skal åndi mi fløyma for dykk, og eg skal kunngjera dykk mine ord.
- 24 Eg ropa og de vilde ikkje høyra, og ingen agta på at eg rette ut handi,
- 25 De brydde dykk ei um all mi råd, og ansa ikkje mitt refsings ord,
- 26 So skal eg då læ når de ulukka fær, eg skal spotta når det som de ræddast kjem,
- 27 når det de ræddast kjem som eit uver, og uferdi dykkar fer hit som ein storm, når trengsla og naud kjem på dykk.
- 28 Då vil eg ikkje svara når de ropar på meg, dei skal naudleita etter meg, men ikkje finna meg.
- 29 Av di dei hata kunnskap og forsmådde otte for Herren,
- 30 ikkje lydde på mi råd, vanyrde all mi påminning,
- 31 skal dei eta frukt av si åtferd og verta mette av sine råder.
- 32 For einvisa drep dei einfaldne, og tryggleiken dårarne tyner.
- 33 Men den bur trygt, som høyrer på meg, verna um ulukke-rædsla.»
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗