잠언 18장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 잠언 (Proverbs) · 24절
- 1 Einstødingen søkjer det han sjølv er huga på, mot alle kloke råder glefser han.
- 2 Dåren bryr seg ikkje um å vera vitug, men vil berre visa kva som bur i honom.
- 3 Kjem ein ugudleg, so kjem og vanvyrdnad, og med skam fylgjer spott.
- 4 Ordi i ein manns munn er djupe vatn, fløymande bekkjer, visdoms kjelda.
- 5 D’er ’kje godt når ein gjev den gudlause medhald og rengjer rettferdig manns rett.
- 6 Dåre-lippor kjem uppi trætta, og munnen hans ropar etter slag.
- 7 Dåre-munn er til ulukka for han sjølv, og lipporne er ei snara for hans sjæl.
- 8 Baktalar-ord er som lostemat, dei glid so godt ned i livet.
- 9 Den som er lat i arbeidet sitt, han er og bror til øydaren.
- 10 Herrens namn er eit tårn so sterkt, der flyg den rettferdige inn og vert berga.
- 11 Rikmanns eiga er hans faste by, som høge muren i hans eigne tankar.
- 12 Fyre fall er mannsens hjarta stolt, men fyre æra gjeng audmykt.
- 13 Um nokon svarar fyrr han høyrer, vert det til narreskap og til skam for honom.
- 14 Manns mod ber uppe i sjukdom, men brote mod, kven kann bera det?
- 15 Vitug manns hjarta kjøper kunnskap, og øyra åt vismenner søkjer kunnskap.
- 16 Gåva opnar mannen veg og fører han fram til storfolk.
- 17 Den som fyrst legg fram si sak, fær rett, men so kjem motparten og granskar honom.
- 18 Lutkasting endar trettor og skil millom megtige menner.
- 19 Hev ein bror lide urett, er han verre å vinna enn ein festningsby, og trættor er som stengsa for eit slott.
- 20 Mannen fær magen sin mett av frukti or munnen sin, av grøda frå lipporne vert han mett.
- 21 Tunga hev daude og liv i sitt vald, dei som elskar henne, skal eta hennar frukt.
- 22 Den som hev funne ei kona, hev funne lukka og hev fenge ei nådegåva av Herren.
- 23 Den fatige bed og barmar seg, men den rike svarar med harde ord.
- 24 Ein mann med mange vener gjeng det ille, men ven kann vera trugnare enn nokon bror.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗