잠언 17장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 잠언 (Proverbs) · 28절
- 1 Betre er ein turr brødmole med ro attåt enn huset fullt av høgtidskost med trætta til.
- 2 Den kloke tenar skal råda yver ein uvisleg son, og millom brøder fær han skifta arv.
- 3 Diglen røyner sylvet og omnen gullet, men den som røyner hjarto, det er Herren.
- 4 Den vonde lyder på vondskapslippa, ljugaren lyder på tyningstunga.
- 5 Spear du den fatige, so spottar du hans skapar, den som gled seg yver ulukka, skal få si refsing.
- 6 Ein krans for dei gamle er barneborn, og ei æra for borni er federne deira.
- 7 Det høver ikkje for ein dåre å tala store ord, enn mindre for ein fagnamann å ljuga.
- 8 Gåva er ein glimestein for den som fær ho; kvar ho vender seg, der fær ho framgang.
- 9 Søkjer du kjærleik, skyler du misgjerd, men riv du upp att ei sak, skil ven frå ven.
- 10 Vondord gjer meir på den vituge enn hundrad hogg på dåren.
- 11 Berre upprør søkjer den vonde, men ein hard bodberar vert send imot han.
- 12 Møt heller ei binna som hev mist sine ungar enn ein dåre med narreskapen hans!
- 13 Den som løner godt med vondt, frå hans hus skal ikkje det vonde vika.
- 14 Å taka til med strid er som å sleppa vatn ut, haldt difor upp med trætta fyrr nokon gliser med tennerne!
- 15 Den som frikjenner ein ugudleg og den som domfeller ein rettferdig, dei er båe tvo ein styggedom for Herren.
- 16 Kva skal pengar i handi på dåren? Å kjøpa visdom hev han ’kje vit til.
- 17 Venen elskar alltid, og bror vert fødd til hjelp i naud.
- 18 Ein vitlaus mann er den som handtekst, som gjeng i borg hjå grannen sin.
- 19 Den som elskar trætta, elskar misgjerning, den som byggjer døri si høg, søkjer fall.
- 20 Den som hev eit rangt hjarta, vinn ikkje lukka, og den som forvender tunga si, fell i ulukka.
- 21 Den som avlar eit narr, fær sorg, og ikkje gled seg far til ein dåre.
- 22 Gladværugt hjarta gjev lækjedom god, men nedslege mod fær beini te visna.
- 23 Gudlaus mann tek gåva i løynd til å bøygja rettargangen.
- 24 Den vituge hev visdom for augo, men dåren hev augo ved heimsens ende.
- 25 Uvitug son er til gremme for far sin, og beisk sorg for henne som fødde’n.
- 26 Det er ’kje godt at og rettferdige fær refsing, og ei at fagna folk fær slag for det som rett er.
- 27 Den skynsame sparer på ordi, og den vituge mann er kald i hugen.
- 28 Um dåren tagde, gjekk han og for vismann, og for ein vitug mann når han heldt munn.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗