잠언 16장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 잠언 (Proverbs) · 33절
- 1 Hjartans rådleggjing høyrer menneskja til, men tunga fær svaret frå Herren.
- 2 Kvar mann tykkjer at hans eigi ferd er rein, men det er Herren som prøver ånderne.
- 3 Legg verki dine på Herren, so skal tankarne dine få framgang.
- 4 Herren hev gjort kvar ting til sitt endemål, ogso den ugudlege til uferdsdagen.
- 5 Kvar ovmodig er ei gruv for Herren, du kann vera viss, han skal ’kje verta urefst.
- 6 Med kjærleik og truskap vert misgjerning sona ut, med otte for Herren flyr ein frå det vonde.
- 7 Når Herren likar ferdi åt ein mann, so let han jamvel fiendarne halda fred med honom.
- 8 Betre er lite med rettferd enn innkomor store med urett.
- 9 Mannsens hjarta tenkjer ut sin veg, men Herren styrer hans stig.
- 10 Gudsord er på konungs lippor, i domen skal hans munn ei gjera mistak.
- 11 Rett vegt og rette vegtskåler høyrer Herren til, hans verk er alle lodd i pungen.
- 12 Ugudleg åtferd er ein styggedom for kongar, for truna stend trygt ved rettferd.
- 13 Kongen likar rettferdige lippor, dei elskar den som segjer det som er rett.
- 14 Konungs vreide er daude-bod, men ein vismann stiller vreiden.
- 15 I ljos frå konungs åsyn er det liv, og hans godhug er som ei regnsky um våren.
- 16 Å vinna visdom - kor mykje betre er det ei enn gull! Å vinna vit er meire verdt enn sylv.
- 17 Den vegen dei ærlege gjeng, er å fly frå vondt, den som agtar på sin veg, han varar si sjæl.
- 18 Fyre undergang gjeng ovmod, og stormod fyre fall.
- 19 Betre er med armingar å vera audmjuk enn skifta herfang med ovmodige.
- 20 Den som agtar på ordet, skal finna lukka, den som lit på Herren - sæl er han!
- 21 Den vise i hjarta vert kalla vitug, og søtleik på lipporne aukar lærdom.
- 22 Klokskap er livsens kjelda for deim som eig han, men fåvit er refsing for fåvise folk.
- 23 Vismanns hjarta gjer munnen hans vitug og aukar læra på lipporne hans.
- 24 Milde ord er honningdropar, søte for sjæli og lækjedom for beini.
- 25 Mang ein veg tykkjer folk er rett, men enden på honom er vegar til dauden.
- 26 Vinne-kars hunger onnar for honom, for hans eigen munn driv på.
- 27 Ein låk mann grev ei ulukke-grav, og det logar som eld på lipporne hans.
- 28 Ein ranglyndt mann yppar trætta, og den som ber drøs, skil ven frå ven.
- 29 Ein valdsmann lokkar næsten sin, og leider han inn på ein veg som ei er god.
- 30 Den som let augo att, vil tenkja range tankar, den som knip lipporne i hop, set vondt i verk.
- 31 Grå hår er fager krans! Han er å vinna på rettferds veg.
- 32 Ein tolug mann er betre enn ei kjempa, og den som styrer hugen sin, stend yver den som tek ein by.
- 33 Dei kastar terningen i fanget, men all hans avgjerd kjem frå Herren.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗