잠언 12장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 잠언 (Proverbs) · 28절
- 1 Den som elskar age, elskar kunnskap, men den som hatar refsing, han er fåvis.
- 2 Den gode vinn seg hugnad hjå Herren, men den meinsløge fordømer han.
- 3 Ingen mann vert stød av gudløysa, men roti åt rettferdige kann ingen rikka.
- 4 Ei fagna kona er ein krans for mannen sin, eit skjemda ting er fæl som ròt i beini hans.
- 5 Tankar hjå rettferdige tenkjer er det som rett er, dei råder som ugudlege legg upp, er svik.
- 6 Ordi hjå ugudlege gjeng ut på luring etter blod, men ærlege vert berga ved sin munn.
- 7 Ugudlege vert kasta i koll, og so er det ute med deim, men rettferdige folks hus stend fast.
- 8 Ein mann fær ros alt etter som vitet hans er, men den ranglyndte kjem i vanvyrdnad.
- 9 Betre småmann med ein tenar enn låst vera storkar og ikkje ha mat.
- 10 Den rettferdige veit korleis buskapen har det, men hardt er hjarta hjå ugudlege folk.
- 11 Den som dyrkar si jord, fær mette av brød, den som fer etter fåfengde ting, er fåvis.
- 12 Ein gudlaus hev hug til vonde folks garn, men roti åt rettferdige gjev frukt.
- 13 Lippe-synd er snara vond, men den rettferdige slepp ut or trengsla.
- 14 Av sin munns frukt fær ein mann sin gode mette, og eit menneskje fær att det han hev gjort med sine hender.
- 15 Uvitingen held sin eigen veg for den rette, men den vise høyrer på råd.
- 16 Når uvitingen er vreid, vert det kjent same dagen, men den kloke løyner skjemsla.
- 17 Den som andar ærlegskap, segjer det som rett er, men det falske vitnet talar svik.
- 18 Mang ein fer med svall som sverdstyng; men tunga åt dei vise, ho er lækjedom.
- 19 Sanningslippa held seg æveleg, men falske tunga berre i ein augneblink.
- 20 Svik er i deira hjarta som smider vondt i hop, men dei som rå’r til fred, hev gleda.
- 21 Inkje vondt den rettferdige råkar, men gudlause fær ulukka i fullaste mål.
- 22 Ei stygja for Herren er ljugarlippor, men han likar deim som fer fram med truskap.
- 23 Ein klok mann løynar kunnskap, men dåre-hjarta ropar ut vitløysa.
- 24 Strævsam hand kjem upp til herrevelde, men leta fører til trældom.
- 25 Sorg i mannens hjarta bøygjer det ned, men eit godt ord gjev det gleda.
- 26 Den rettferdige rettleider næsten sin, men vegen åt gudlause fører deim vilt.
- 27 Letingen steikjer ikkje si veidn, men annsemd er rikdom so dyr for menneskja.
- 28 På rettferds stig er liv, og gonga på vegen gjeng ikkje til dauden.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗