잠언 11장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 잠언 (Proverbs) · 31절
- 1 Falsk vegt er fæl for Herren, men full vegt likar han godt.
- 2 Kjem stormod, so kjem og skam, men smålåtne, dei hev visdom.
- 3 Dei ærlege hev si uskyld til førar, men fals slær sin herre på hals.
- 4 Gods hjelper ikkje på vreidens dag, men rettferd frelser frå dauden.
- 5 Ærleg manns rettferd jamnar hans veg, men den gudlause stuper ved gudløysa si.
- 6 Ærlege folk ved si rettferd vert frelste, men dei falske vert fanga i eigen gir.
- 7 Når ugudleg mann døyr, er det ute med voni; og vondskaps venting til inkjes vert.
- 8 Rettferdig vert fria or trengsla, og ugudleg kjem i hans stad.
- 9 Den skamlause tyner sin granne med munnen, men rettferdige friar seg ut med sin kunnskap.
- 10 Gjeng det godt med rettferdige, fegnast byen, vert gudlause tynte, syng folk av gleda.
- 11 Med velsigning frå ærlege folk kjem byen seg upp, men gudlause munn bryt han ned.
- 12 Vitlaus er den som vanvyrdar sin granne, men vitug mann tegjer stilt.
- 13 Den som fer med drøs, ber løynråd ut, men den hjarte-trugne løyner saki.
- 14 Der inkje styre er, lyt folket falla, men der dei rådvise er mange, der er frelsa.
- 15 Borgar du for framand, er du ille faren, men han er trygg som hatar handtak.
- 16 Ei yndefull kvinna vinn æra, og valdsmenner vinn seg rikdom.
- 17 Ein godhjarta mann gjer vel mot si sjæl, men ein hardhjarta mann fer vondt med sitt eige kjøt.
- 18 Den ugudlege vinn seg ei sviksam løn, men den som rettferd sår, fær varig løn.
- 19 Stend du fast i rettferd, vinn du liv, men fer du etter vondt, då fær du daude.
- 20 Dei range i hugen hev Herren ein stygg til, men han likar deim som ulastande ferdast.
- 21 Det kann du gjeva handi på, den vonde vert ’kje urefst, men ætti åt rettferdige slepp undan.
- 22 Som ein gullring i eit grisetryne er ei fager kvinna utan vit.
- 23 Det rettferdige ynskjer, vert berre godt, det som gudlause vonar, vert til vreide.
- 24 Ein strår ut og fær endå meir, ein annan vert arm av usømeleg sparing.
- 25 Den som velsignar, skal trivast, og kveikjer du andre, vert sjølv du kveikt.
- 26 Ein kornflår, honom bannar folket, men signing kjem yver den som sel korn.
- 27 Den som strævar etter godt, han søkjer hugnad, men den som leitar etter vondt, han fær det yver seg.
- 28 Den som lit på sin rikdom, han skal stupa, men rettferdige grønkar som lauv.
- 29 Den som øydar sitt hus, skal erva vind, og narren vert træl åt den kloke.
- 30 Rettferdig manns frukt er eit livsens tre, og sjæler vinn den vise.
- 31 Du ser rettferdig mann fær vederlag på jordi, kor mykje meir då den ugudlege og syndaren!
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗